Rasjonelt fjøsstell

"Rasjonelt fjøsstell", skrive av Hulda Garborg, er faktisk det mest spelte stykket i norsk teaterhistorie, framført av utallige bondeungdomslag i meir enn hundre år. Nå er stykket kome heim, til Undheim nedanfor Knudaheio, der Hulda ligg hauglagd. Anledninga er Garborgdagar, den årlege feiringa av diktarparet Garborg; og oppgåva fall på Undheim Revyteater, ei oppleving i seg sjølv.

Garborgsenteret tok ein tur til samfunnshuset på Undheim for å oververa ei øving i forkant av Garborgdagar 2013 (22.-27. januar), og fekk oppleva energiske skodespelarar med lada rørsler og trøkk i stemma, rettleia av ein spelande regissør (Jan Jonassen) som rett nok er bonde, men i øvingslokalet profesjonell til fingerspissane.

Revyteateret kan mobilisera over 50 skodespelarar om det trengst, men i «Rasjonelt fjøsstell» er det berre plass til seks. Audition? «Det slapp me,» seier regissøren og peikar. «Dei to der er stjerneskodespelarane, der borte har me divaene, ho her er kånå mi og så speler eg sjølv. Det blir akkurat seks.»

FjosstellHeilt
«Rasjonelt fjøsstell» er ein klassisk farse, ein folkekomedie som var frykteleg populær for hundre år sidan. Det er ein einaktar som (i Undheim Revyteaters versjon) handlar om Inger, litt meir lærd enn dei andre, som ønsker å innføra den nye tida – jenter med kort hår som ikkje vert skittent og menn som er andelege snarare enn fysiske. Dette er tema som Ludvig Holberg og Arne Garborg hadde teke opp før Hulda, men det syner berre at tankegodset er universelt – og framleis aktuelt: generasjonskløfta vert ikkje mindre med den teknologiske utviklinga me ser i dag, og mennesket vil alltid vera splitta mellom natur og kultur.

StokkWeb
Teksten er modernisert av Sigbjørn Reime, og settinga heilt og fullt jærsk. Fjellandskapet som er skildra i manuset var erstatta med jærlandskap (kulissane består av ei flott blanding av måling og fotografi) og replikkane var naturlege og uttala på breitt jærmål. Bondemiljøet blei ikkje mindre truverdig av å bli portrettert i «den grøna bygdå» Undheim av lokale skodespelarar.

Regissør