Rangling for småsporvar

Omund Norheim har vore med på å arrangera Ranglerock sidan starten. Det er nå 21 år sidan, men på grunn av korona feirer dei sin 20. festival i år. Kveldsarrangementa skal foregå på Hvelvet, men som dei siste åra blir det også denne gongen ein utandørskonsert for barn i Sporvatunet.

Der blir det Ranglerock for småsporvar 9. juli kl. 11 til 16!

Sporvatunet ligg like utanfor Garborgsenteret og Time bibliotek, på sørsida mot Bryne vgs. Ranglerock har samla 300 barn og voksne her tidlegare.

«Dette er ein fantastisk plass å ha festival», seier Omund, «med plen å kosa seg på. Det er veldig gildt å vera ute på konsert.»

Ranglerock samarbeider med Garborgsenteret og Time bibliotek om dette arrangementet, og har fått støtte frå Jæren sparebank. Det begynner med film for barn inne kl. 11, og så brakar det laus med konsert ute kl. 12.

«I år har me fokus på folketradisjonar. Me har faktisk lynkurs i folkedans.» Han pausar. «Men berre for dei som vil, altså.» Han fortel om dei tre banda som skal opptre kl. 13: «Tuhaf er dansk-tyrkiske og nyttar tyrkiske folketonar i musikken sin. Naaljos Ljom nyttar gamle norske folketonar, men med ein teknotøtsj. Dei har òg med seg dansarar. Og så er det hovudattraksjonen Tusmørke. Dei spelar progrock for bydyra. Dei har tatt med seg musikalen Bydyra og tilrettelagt for scena. Skogen er tatt av anleggsmaskinar og dyra må flytta til byen.» Han smiler. «Dette blir storvegs for både store og små, menneske og dyr.»

Etter konserten blir det foredrag inne og sceneshow ute av elevar frå kulturskulen. Mykje moro på Ranglerock for Småsporvar altså. 9. juli altså. Og gratis altså. Kafé er det forresten òg. Les heile programmet her.

Velkommen!

Sporvatunet utanfor Garborgsenteret.