Prepare to be julekalendered!

Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet frå 1. desember - her, på www.garborg.no!

Det nærmar seg jul og på Jæren er alt som vanleg. Folk vassar i snø, dei er lukkelege og gler seg til å handla julegåver. Men då begynner snøen å smelta, menneska skrik og gåvene knuser. Kvifor? Jammen, det veit vel ikkje me! Det er jo difor eit par litteraturspionar og ein bokmålsutdrivar blir sett på saka. Ja, og så norsklektoren John Fossmark då, men det er jo ikkje sikkert at dét er så lurt.

riksmalsplakatwp

Med Helge Torvund som litteraturdetektiv!

Med Nils Henrik Smith som nynorskspion!

Med Kristin Auestad Danielsen som bokmålsutdrivar!

Med John Fossmark som John Fossmark!

Prepare to be julekalendered…

Les Garborgs galningar