Påskeøya gjer krav på «Garborg-hovudet»

Påskeøya sin kulturattaché i Noreg, Lha Dreyeh, har gitt beskjed til norske myndigheiter om at Noreg må levera tilbake steinskulpturen som nå står i Knudaheio. Påskeøya har hatt ein sak gåande med British Museum i London i mange år, og nå er turen komen til Noreg og Time kommune.

«Denne statuen er stolen frå oss og nå er det på tide me får han tilbake.»

Tilbakelevering av stolen kunst har vore eit betent tema i fleire hundre år. På 1700- og 1800-talet forsynte dei franske og britiske imperia seg grovt av kunsten dei fann i koloniane og vasallstatane sine. Særleg Venezia, Hellas og Egypt vart utsette for dette. Museum som British Museum og Louvre er delvis bygd opp av stolne kunst- og kulturskattar, og med jamne mellomrom oppstår diplomatiske kriser som følge av at moderlanda krev gjenstandane tilbake.

Musea sine argument har vore at det er ein fordel for både forskarar og museumsgjester at ein kan oppleva sivilisasjonens historie på éin stad. Dette er eit argument Påskeøya har vondt for å svelgja.

«Eit kunstverk skal opplevast der det høyrer heime», seier kulturattacheen ved den chilenske ambassaden i Oslo, Lha Dreyeh. Ho kjem opprinneleg frå Påskeøya og vil ha alle moaiar heim.

Ein moai er ein steinstatue av den typen Påskeøya er verdskjend for, og som Thor Heyerdahl forska på for å finna opphavet til.

«Moaiane er stiliserte avbildingar av våre forfedrar», seier ho. «Dei spelar ei rolle for oss sosialt, religiøst og historisk, og er ein sentral del av øya sitt kulturlandskap. Nå må Noreg levera statuen tilbake eller tola konsekvensane!»

Men er ikkje statuen på Påskeøya ei avbilding av Arne Garborg då? Det er i alle fall det folk seier og trur.

«Nei nei nei», seier Dreyeh. «Berre fordi ein mann med bart budde i nærleiken av ein statue av ein mann med bart, så må statuen forestilla akkurat denne mannen med bart?»

Ho smiler hastig.

«Kva om statuen stod midt i Trondheim? Eg berre spør.»

Finst det kjelder til statuen frå før Garborg si tid?

«Sjølvsagt ikkje», seier Dreyeh. Ho har gjort grundige forundersøkingar. «Første gongen Knudaheio blei nemnd tekstuelt var i avisa Fedraheimen i 1898, og det var skrive av denne Garborg sjølv. Han nemner ikkje statuen med eitt ord. Første gongen den blei nemnd var i 2001 og då var Garborg død. Thor Heyerdahl, derimot, var framleis i live.»

Ho ser mot havet.

«Statuen ser mot sørvest. Og kva ligg der ute om ikkje Påskeøya? Rett på den andre sida av Amerika.» Ho klappar statuen vennleg på nasen. «Dette er ikkje ei avbilding av denne Garborg, men ein moai som avviker litt frå normalen. Mange moaiar gjer det.» Det kjem bestemt frå Lha Dreyeh: «Heyerdahl må ha naska statuen med seg. Det er ei kjend sak at han hadde store lommar.»

Ei kjelde i Time kommune, som vil vera anonym av frykt for å bli sitert rett, seier at Påskeøya sitt krav er uforskamma og bryt med føreseielegheita for næringslivet: «Dei vil ha statuen vår, men neimen om me gjev han frå oss. Alternativt foreslår dei å gjera området rundt til ein konklave på to mål. Det seier me også nei til. For tenk om eit multinasjonalt selskap vil bygga datasenter der oppe!»

Jærmuseets maritime talsmann og leiar for Tungenes fyr, historikar Eirik Gurandsrud, seier at han forstår kommunen, men meiner det er viktig å halda hovudet klart.

«Vanskeleg er dette», seier han, «me må sortera tankane».

Maritim talsmann i Jærmuseet, Eirik Gurandsrud, sorterer tankane.

«For visst er dei like, statuen i Knudaheio og statuane på Påskeøya, og det kan godt henda at dei stammar frå same kulturen. Men det er då ikkje gitt at statuen på Knudaheio er henta frå Påskeøya. Det kan vera omvendt.»

Kan moaiane på Påskeøya vera laga av nordmenn? Gurandsrud drar på det.

«Det blir eit definisjonsspørsmål. Kva er ein nordmann? Kva er ein vestlending? Kva om folket på Påskeøya stammar frå Jæren? Dei første maoiane vart uthogd på 1200-talet. Det såkalla Garborg-hovudet kan fort visa seg å vera eldre enn det.»

Så kva kan me gjera?

«Vel,» seier han. «Korleis kan me verifisera teorien om utvandring frå Jæren til Påskeøya? Høyr etter. Eg vil med dette be alle eventyrlystne med eigen flytevest om å ta kontakt med Jærmuseet. Me skal få til ein smittevernvennleg ekspedisjon, det lovar eg. Om det blir flåte eller vikingskip veit eg ikkje ennå, me må gjera det som er mest realistisk historisk sett.»

Då Lha Dreyeh får høyra dette, seier ho:

«Me må iallfall få konkurrera på like vilkår. Lat oss utstyra ein flåteekspedisjon frå Påskeøya til Jæren, så ser me kven som kjem først. Vinn me, får me statuen dykkar; vinn de, får de alle moaiane våre. Då er det her dei høyrer heime!»

Kulturattaché Lha Dreyeh ønsker seg det såkalla «Garborg-hovudet» heim til Påskeøya.

Foto frå Påskeøya: travelyesplease.com. Alle andre foto: Ørjan Zazzera Johansen, Jærmuseet.