Collage og teikning av Fernando Martins

Utstilling på Garborgsenteret og Time bibliotek 7.5.-12.8.

Fernando Martins (fødd 1959) er ein portugisisk kunstnar busatt i Coimbra, Portugal. Som bildekunstnar arbeider han innanfor den hyperrealistiske tradisjonen, medan skulpturane hans er meir abstrakte. Martins har spesialisert seg på portrett, både med måling og i collage. Han har stilt ut kunsten sin i Portugal, Spania, Nederland, Storbritannia, Belgia og Noreg.

Han har laga nærmare 20 offentlege skulpturar, mellom anna ein i Hjelmeland.

20. juni er det avduking av Garborg-mosaikken på ein silo på Edland i Gjesdal. Les meir om dette her