Nokre av elevane reiste med Skrudland ut på landet for å ta bilete av landskap og dyr, medan dei andre vart med Skjærpe til Bryne sentrum for å knipse menneske, plakatar og skilt – og som me kan sjå var det dyr i Sandtangen på Bryne òg.
Elevane viste seg å vera både ivrige, kreative og dyktige. Nokre av dei hadde eigne speglreflekskamera og var allereie erfarne hobbyfotografar. Skjærpe, som er engasjert av Garborgsenteret for å laga utstillinga, var veldig imponert: «Eg tykte dei hadde mange gode idear og auge for gode motiv.» På spørsmål om bileta kan brukast i utstillinga, nikka han bestemt og svara: «Ja, det er det ingen tvil om.»
Nokrw av bileta dei tok er blitt ein del av Garborgsenteret si faste utstilling.
Skrive av Ørjan Johansen