Ottesen fekk målpris

Rogaland mållag la prisutdelinga til vinnaren sin heimstad. På Garborgsenteret på Bryne fekk Janove Ottesen bilete, blomar og 5000 kroner av mållaget for "framifrå dialektbruk som musikar, kulturformidlar og frontfigur i Kaizers Orchestra".

SunnivaWeb

Først fekk Ottesen eit utval av sine eigne songtekstar praktfullt framført som dikt og song av Synneva Erland, deretter talte mållagets Sigve Gramstad, og så kunne Ottesen få prisen. I takketalen sa han at han gjerne ville dele heideren med låtskrivarkollegaen i Kaizers, Geir Zahl, og forklarte at tekstane hadde sitt utspring i musikken. «Av musikken kjem det kjensler og av kjensler kjem det ord.» Han forklarte at han ikkje hadde nokon fast metode for å skriva, men arbeidde intuitivt. «Dette gjev fridom,» forklarte han, «då treng eg kje å hugsa kva det var eg gjorde for å få det til den førre gongen.»

Her kan du lesa eit tidlegare intervju Garborgsenteret gjorde med Janove Ottesen.