Opningsveka oppsummert

"God morgon! Dette er dagen!"

Det er den femte september 2012, og utstillingsleiaren på Garborgsenteret, ho Gunhild Hammeraas, har allereie gløymt at ho skrudde den siste skrua i utstillingsveggen klokka elleve kvelden før. Ho trommar lukkeleg på skrivebordet. Melodien minner om «The Final Countdown», men utan Joey Tempest kvinande i bakgrunnen (det skal me vera glade for). Hammeraas har venta på denne dagen, den femte september, i meir enn tre år. Det vil seia, ho visste jo ikkje at det skulle bli akkurat femte september.

Ho visste ikkje ein gong at det skulle bli i 2012.

Hammeraas har sett opningsdatoar kom og gå. Særleg gå. Sant å seia er dette den einaste opningsdagen ho har sett koma.

Men no er han her. Den femte september 2012. Dette er dagen.

HalvtiBearbWebSjå, der er avdelingsleiaren òg. Inger Undheim. Ho leitar etter noko i skuffen, kanskje noko å pynta seg med? Ein binders, kanskje? Det ville ha vore i Hulda Garborgs ånd.

Klokka er blitt halv ti og det nærmar seg. Seremonien begynner klokka elleve og kulturministeren har meldt sin ankomst om ein time.

Dette er dagen.

Og ho Undheim gleder seg. Ho har venta ei stund, ho òg, men ikkje så lenge som utstillingsleiaren.

Dessutan går Undheim ofte i joggesko, noko som får tida til å gå fortare.

I etasjen nedanfor, hos biblioteket, er hundreogsytti stolar sett fram. Time bibliotek er nemleg verdas beste nabo, ja meir for sambuar å rekne. Dei har dytta bokhyllene til side og gjort plass til hundreogsytti stolar og ein scene. Det er venta både fintfolk og fine folk. Statsrådar, ordførarar, stortingsrepresentantar, sponsorar og garborgnørdar. Ja, og vanlege folk med. Slike som likar å vera til stades der det skjer.

I dag er det her det skjer.

Dette er dagen.

Dialogoving3To skodespelarar, Ingrid Rusten og Torfinn Nag, forbereder seg til seremonien. Dei skal vera Arne og Hulda i dialogen «Av gode dagar». Dei er konsentrerte og veldig hyggelege.

Trass i at dei heiter Rusten og Nag.

Dei prøvar scenen. Testar lyden.

Og forsvinn.

Folk begynner å koma. Kulturministeren er observert. Rykta seier at ho har to bein og to armar, akkurat som vanlege folk. Publikum trekker inn i salen. Dei kviskrar. Om Arne og Hulda og statsrådar med eit kjedeleg tal armar og bein. Nokre vågar å setta seg. Helst litt bak. Dei to framste radene er reservert. Etter litt vert dei fylt opp dei fylt opp, dei òg. Då klokka tikkar mot elleve er alle setene opptekne. Mange må stå.

Men dei kviskrar like lågt for det.

Så.

TrettEntreWebTo menn kjem inn på scenen. Det vil seia foran, scenekonseptet var ikkje noko dei tok omsyn til. Dei er to menn som kallar seg Trette. Trette menn, altså. Dei er fiktive, sjølv om dei ser verkelege ut (bortsett frå bartane – som verkeleg ser uverkelege ut). Trette Menn eksisterer nemleg på papiret, det vil seia i cyberspace. Det er slike som dei som gjer at gamle metaforar ikkje er gangbare lenger. Fiksjonen finst ikkje berre i bøkene, men på nettet òg. Trette Menn tilhøyrer det forvridde universet i Garborgs galningar. Og plutseleg så står dei her. I verkelegheita. Dei står her og speler med. Dei speler og syng slik at dei får innpass i den verkelege verda.

Biblioteket rockar. Bøkene klaprar. Politikarar og sponsorar vippar på føtene og let haka gynga litt opp og ned.

Så forsvinn dei.

Trette Menn altså, hakene er der framleis.

Og talarane kjem. På rekke og rad. Først rekke, så rad.

Ordføraren i Time, Reinert Kverneland, held ein tale.

Direktøren i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, held ein tale.

Avdelingsleiaren på Garborgsenteret, ho Undheim, har funne det ho leita etter i skuffen og held ein tale.

Skodespelarane Nag & Rusten let Arne og Hulda tala.

Og så er det kulturministeren sin tur, ho Anniken Huitfeldt. Ho talar i veg. «Garborgsenteret,» seier ho, «var det første eg løyvde pengar til.» Folk klappar. «Høgjæren er det vakraste landskapet i Noreg.» Folk klappar høgare. «Bondestudentar er betre enn historieboka.» Å, som folk klappar. «Eg erklærer Garborgsenteret for opna!»

Stormande jubel!

Men seremonien er ikkje over. Han går berre over i ein ny fase. Frå tale til lesnad, frå talarar til poetar.

Dette er dagen.

Poet Helge Torvund les dikt, og etterpå presenterer han vinnarane av Dagbladet sin diktkonkurranse «Mot til å meina, styrke til å skapa».

Utdrag frå «Ode til Arne Garborg» av Simen Kjærsdalen:

Hvor har det blitt av de ravgale, de tussete
de som så haugtusser og huldrer bak hver stein,
de infernalske, de sultne, de oppglødde
manisk-depressive visjonære, de angstforvridde
Vi har bokbål for dem i hver avisredaksjon,
gapestokk på hvert et nettsted, hver skitne kiosk
Heksebålene flammer kaldt i cyberspace
og ingen hører lemlestede sjelers skrik
i skolenes krematoriekanaler, bak skjermflimringen
Vi – barn av kondomet og pessaret, vi som aldri
lærte å se skjønnheten i sekstanten, vi som knapt
kjenner sammenhengen mellom kysset og livet

Og «På bagsidå av gravsteinane» av Oddbjørn Birkeland:

På bagsidå av gravsteinane
står det ingenting
kanskje det burde stått någe der og
om alt det me sakna
og ikkje fekk te
ei lidå lista øve det me konne vore
men ikkje va
og ei antydning om
at det sikkert også va någe
som ingen såg

ForsteRadBearbWebVinnarane ser du her. Dei er like gode, og difor får dei dela sigeren. Heilt til høgre ser du Oddbjørn Birkeland, og ved hans side sit Simen Kjærsdalen. Vidare på rada ser du Inger Undheim, stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesordførar Janne Johnsen, Målfrid Snørteland og Anniken Huitfeldt.

Men kor er utstillingsleiaren? Ho Hammeraas?

FolksamtBearbWeb Ikkje her…

 

 

 

 

 

 

GunhildogBoekerWeb…men her!

Utstillingsleiaren har funne seg ein stad mellom reolane. Ho står i dramatikkavdelinga. Etter Fosse, men før Havel. Ho har stilt seg ganske presist ved G: Arne og Hulda Garborg, altså.

Der er Gunhild Hammeraas. Ho som har venta så lenge, som har jobba lange kveldar for at utstillinga skal bli klar, som får mannen sin til å halda spikrane medan ho slær dei i veggen. Ho som har sett opningsdatoar koma og gå. Nå står ho mellom skodespel og ser på skodespelararar.

Dette er dagen.

Hammeraas ser på rockararar, statsrådar, direktørar og ordførarar.

Ho lyttar til poetar.

Dei som hyllar Garborg.

Men det er utstillingsleiaren som er ved Garborg-hylla.

Huitfeldt klipper snora. Folk strøymer inn i utstillinga. Det vert delt ut ballongar med Arne og Hulda på. Kanapeane går frå brett til hand og hand til munn. Det vert lunsj. Folk et meir. Dei klappar seg på magen og går heim. Dagen var dagen. Opningsdagen har kome og gått.

*

Morgonen etter er det ein ny dag. Han heiter tordag, sjette september.  Alt gjekk vel opningsdagen, men nå snakkar me opningsveke. Ei opningsveke må vara veka ut. Forfattar Brit Bildøen inntek kafé Garborgstova og held ein «litterær lunsj». Ho lesog fortel frå essaysamlinga «Litterær salong» og kafé Garborgstova er full av litteraturinteresserte.

BritLesWeb2
På kvelden kjem Rune Bjerga og har standup-show på scena i biblioteket. Han står og showar i ein time. Og fredagen, den sjuande september, er det duka for Garborg-seminar. Foredragshaldarane ser slik ut:

ForedragshaldaraneBearbWeb
F.v. Sigrid Bø Grønstøl, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Siri Mæland, Helene Urdland Karlsen, Paal Bjørby, Alfred Fidjestøl og vertinne Inger Undheim.

På kvelden er det konsert i biblioteket, mørk blues med håbuen General Forsamling. Og laurdagen startar med bokprat med ungdomsbokforfattar Terje Torkildsen, og så –  vert opningsveka avslutta med eit trimløp, Veslemøyløpet. Det skal vera ein tur i Arne Garborgs fotspor, frå Knudaheio, via Garborgheimen – og etter halvannan mil – mål ved Garborgsenteret.

JarleRisaBearbWebFørst i mål er Jarle Risa (t.v.) frå Undheim.

SlitenMannWeb

At dei siste skal bli dei første, er kanskje ikkje sant. Men dei som går vert iallfall mykje slitnare enn dei som spring. Slikt vert det medalje av.

Dette var veka. Opningsveka har kome og gått.

 

*

Opninga av Garborgsenteret fekk stor merksemd, både lokalt og nasjonalt. Her er nokre av oppslaga:

NRK
Jærbladet
Stavanger Aftenblad 

Skrive av Ørjan Johansen