Bli med inn i Arne Garborg sitt rike. Me tilbyr omvisingar på Garborgsenteret, Knudaheio og Garborgheimen, alle i Time kommune på Jæren.

Garborgheimen er Arne Garborg sin fødestad, det er eit jærhus frå 1848 med tidsautentisk inventar. Her kan då sjå korleis diktaren hadde det i sin barndom.

Knudaheio er Arne si sommarstove ved Undheim, eit jærhus frå 1899. Hit reiste Arne for å skriva nesten kvart år til han døydde i 1924. Inventaret er autentisk. Dei fleste fotografia som er tatt av Arne i og utanfor huset er og utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møblar og andre eigedelar. Utvendig framstår huset slik det gjorde i 1909, då det vart kledd med ståande panel. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden. Frå Knudaheio er det ein fantastisk utsikt over Jæren.

Garborgsenteret er eit interaktivt museum og besøkssenter på Bryne. Senteret formidlar Arne og Hulda Garborg, to viktige forfattarar og medlemmar av samfunnet. Publikum blir invitert til å setja fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda – ein skal læra ved å gjera.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året og ein reknar ca. 1 time per museum. Me kan tilby mat og drikke før, under eller etter omvisingane anten i Garborgstova, på Smiegarden eller på Vidsyn.

Kontakt

For bestilling eller meir informasjon, ring 47 77 60 20 eller fyll ut skjema nedanfor så tek me kontakt snarast.