Om Dylan, Cohen og Garborg

«REM & REM er poesi og musikk, resitasjon og song, tekst og gitar, far og son, to generasjonar, éin duo,» slår far og son Håvard og Simen Rem fast. I haust har dei besøkt fleire av landets litteraturmuseum med ei forestilling om Dylan, Cohen og Bibelen. Faren har omsett og sonen tonesett.

Far Håvard (f. 1959) har vore ein av våre synlegaste og mest populære lyrikarar i fleire tiår. I tillegg til eigne diktsamlingar og biografiar, er han kjend for songtekstar (han vann t.d. spellemannspris i 1995 saman med Morten Harket) og gjendiktingar. Rem var ein av dei bråmodne, debuterte som attenåring allereie i 1977, og gav dei neste ti åra ut seks diktsamlingar. Han har vore noko særskilt i den norske bokfloraen, eit litteraturens svar på målaren Odd Nerdrum: klassisk i formen, modernistisk i innhaldet.

Diktinga hans har i stor grad sirkla kring dylanske og særleg cohenske tema som livssyn, kjønn, forholdet mellom diktar og verd, verd og dikting, dikt og lesar. Også gjendiktingane framstår som så sentrale i Rem sin lyriske verksemd at dei kan lesast som ein naturleg og integrert del i forfattarskapen.

«Oppveksten min gav ei blanding av inderlegheit og framandkjensle som kanskje Cohen og Dylan òg opplevde.»

I 1993 omsette han Cohens songtekstar til plateutgivinga «Cohen på norsk» og i 1999 gav han ut ei bok om Dylan.

Med kunnskap og ei tydeleg, mørk stemme har han i haust leia programserien «Bob Dylan» torsdagar (med reprise laurdagar) på NRK P2.

Han har også vore med på den nyaste bibelomsetjinga, som kom ut i 2011 – sjølv om han meiner at me lever i eit avkristna samfunn.

«Den kulturelle og kollektive merksemda kring Bibelen er faktisk blitt sterkare dei siste åra,» fortel han. «Dylans og Cohens oppvekst i synagogen forsynte dei med dei same bibelske forteljingane som eg vaks opp med på Sørlandet,»

Håvard vaks opp i pinserørsla i Tvedestrand, var i Sarons Dal kvar sommar til han braut ut som nittenåring (same året som han deburterte som forfattar). I 2004 skreiv han ein biografi om Aril Edvardsen, ein nær venn av faren.

Då barna var små (Simen har også ei syster), tok Håvard dei med til Midtausten, fleire gonger. Dette sette varige spor i den musikalske sonen. Han vart opptatt av tonaliteten i orientalsk musikk.

«Det kler dei bibelske tekstane,» seier Håvard.

«Ja, eg har lenge vore interessert i folketonar frå Arabia og Midtausten,» fortel Simen, «likskapane og forskjellane til folkemusikken frå vårt høge nord. Det er nokre av desse ideane eg har brukt når me framfører tekstar frå Bibelen.»

LeoSimen Rem er ikkje berre sin fars son lenger, han er i midten av tjueåra, har turnert Europa og Noreg, hatt musikk på VG-lista og Platekompaniets bestselgjar-liste. Nå jobbar han mot sitt første album under eige namn.

Koss gjer han det når han lagar musikk til REM & REM?

«Nokre gonger finn eg tekstar sjølv, der eg føler at ei tonesetting kan bidra med eitt eller anna. Andre gonger får eg ein tekst frå faderen som han meiner eg burde sjå på. Kva melodiane angår, har eg jo opparbeidd meg ein bank av idear. Nokre gonger kjem dei derifrå og nokre gonger frå teksten når eg ser på han.»

Han begynte å spela gitar i elleveårsalderen. Først fekk han klassisk opplæring; seinare, i ungdomsskulen, begynte han i band og blei interessert i svartmetall. I dag speler han i
Ørkenkjøtt, eit av dei største norske banda innan sjangeren. Han pendlar altså mellom å akkompagnera poesi og spela metall.

«Hjartet mitt kjem alltid til å vera litt svart,» seier Simen.

Me spør ikkje faren om hans forhold til gitaren, men me veit han likar luftgitar – for det har han skrive om fleire gonger.

Simen seier han kjenner seg priviligert som kan jobba med far sin på den måten, på tvers av både generasjonar og kunstformer.

«Å gjera eit djupdykk saman i poesi frå tre tusen år tilbake og fram til i dag, og å kunna dra på turné med det, er veldig spennande.»

Far Håvard har treft Cohen fleire gonger, men ikkje Dylan.

«Dei to bringa poesien og den litterære krafta tilbake i musikken. I eit historisk perspektiv er dette vanskeleg å overvurdera. For poesien oppsto i eit samkvem med musikken.»

Håvard vurderer dei to rockepoetane høgt:

«Noko som Cohen seier om Dylan kan gjelda for dei begge: «Han er ein skikkelse som oppstår kvart tredje eller fjerde århundre.» Cohen siktar her til Shakespeare, som for fire hundre år sidan brakte poesi og litterær kraft inn i eit munnleg og den gongen lågkulturelt uttrykk – teateret.»

Han synst det ser rett lyst ut for lyrikken sin posisjon i Noreg.

«Berre sjå på Rogaland! Ein skriftleg lyrikar som Helge Torvund vert lest over heile landet, og ein munnleg poet som Tønes når heile landet med tekstar som fornyar songpoesien.»

BobHåvard har for øvrig skrive etterordet til Torvund si neste bok, ei samling kjærleiksdikt som kjem i januar. Men før det, 21. november, skal REM&REM til Rogaland sjølve, til Jæren og Garborgsenteret. Til Bryne, byen som mest er kjent for to ting: fotball og Garborg. Det viser seg at dette er to tema som engasjerer både far og son.

«Garborg sine tekstar om religion er fortsatt viktige,» seier Håvard, og legg til at tankane i «Jesus Messias» var forut for si tid. «Trætte Mænd» var ein av favorittromanane hans då han var atten og at han synst nynorskdiktaren Garborg skreiv betre riksmål enn dei fleste.

Han fortel jamvel at han kan fleire avsnitt frå «Trætte Mænd» utanåt.

«Det gjeld óg «Haugtussa»,» seier han. «Det er visjonsdikting med uvanlege musikalske kvalitetar. Då eg skreiv ei bok om norsk black metal, møtte eg mykje «Haugtussa»-interesse hos unge studentar. Dei fann mykje mytologi i verket.»

Simen har gjort seg liknande erfaringar:

«Ein fellesnemnar for mange av personane eg kjenner, som jobbar med black metal, er ein livleg fantasi, fri tanke og dragning mot mørkret. Eg kan lett sjå for meg at «Haugtussa» kan vera gjenstand for tonesetting med black metal.»

21. november hadde REM & REM konsert i Storsalen på Garborgsenteret. Det var tøft! Her ser du framføringa av Cohens «Dans meg gjennom kropp og ånd».

Tekst og film: Ørjan Johansen.
Foto: Lars Olve Hesjedal.