Rachel Mwakazi Skjærpe er ei av grunnleggjarane i ManGo Development, ei frittstående og upolitisk foreining som baserer verksemda på like rettigheitar uavhengig av kjønn, overbevisning og tru. Dei arbeider mest med å fremja utvikling og levevilkår i Kenya, Skjærpe sitt opprinnelege heimland. Nå bur ho i Noreg med mannen sin, Vilhelm, som er formann i foreininga. Eit av prosjekta er My Tribe Is Art, som òg har gitt namn til utstillinga som opnar på Garborgsenteret 8. juni. Fram til då heng bilda på Frida Hansens hus i Stavanger.
I løpet av to år har over 100 afrikanske kunstnarar knytt seg til prosjektet. Skjærpe fortel om konseptet, og ideen som oppstod i kjølvatnet av det mislukka presidentvalet i Kenya i 2017. Valet blei annullert av høgsterett etter mistankar om valfusk frå den sittande presidenten. Dette var første gongen rettssystemet overprøvde eit presidentval i Afrika, og kommentatorar såg annuleringa som ein slags framgang for demokratiet – sjølv om den umiddelbare effekten var kaos. Dramatiske hendingar fulgte, med drap og tortur, noko som førte til at opposisjonskandidaten trakk seg frå nyvalet. Resultatet blei at mange kenyararar tok avstand frå den kenyanske staten og at gamle stammekonfliktar blussa opp igjen.
«For å betra situasjonen i Kenya», seier Skjærpe, «må folket gå saman mot korrupsjon og vald, og ikkje setja stammane opp mot kvarandre». Eit tiltak er at kunstnarane i My Tribe Is Art ikkje først og fremst skal identifisera seg ved stammetilhøyrsle, men ved det at dei er kunstnarar. «Eg heiter NN og stammen min er Kunst». I staden for å spørja kenyaranar kva etnisitet dei tilhøyrer, spør Skjærpe om kva dei kan. Svært ofte får ho svar som har med kunst å gjera. Ho oppdaga eit mangfald av kunstuttrykk og ville oppmuntra til å spreia dette universelle språket.
Skjærpe fortel historier om unge menneske som ikkje har råd til kunstutdanning, men som likevel dedikerer livet sitt til kunsten. Ho har plukka ut dei som har fått vera med på utstillinga, og har sans for dei som ønsker å visa det vakre og sterke med Afrika, ikkje berre nauda. Ho har endåtil fungert som inspirasjon for somme av dei, i det at ho sjølv er blitt måla.
Eit kunstsal kan gjera ein stor forskjell for kunstnarane i Kenya. ManGo Development ønsker å hjelpa folk til å hjelpa seg sjølve, anten det er gjennom å laga hus eller kunst. Arbeidet skal folk gjera sjølv , medan ManGo Development hjelpa til med å skaffa byggematerialar eller utstillingslokale. Kunstnarane blir oppmuntra til å ta eigarskap over konseptet My Tribe Is Art, og har begynt å samarbeida og hjelpa kvarandre og arrangera utstillingar sjølve. Ikkje alle kjem frå Kenya heller, representert på utstillinga er kunstnarar frå Sør-Sudan og Tanzania også.
My Tribe Is Art opnar på Garborgsenteret/Time bibliotek 8. juni kl. 13. Utstillinga heng på Garborgenteret og Time bibliotek heile sommaren.
Det øvste bildet er laga av Mutahi (My Tribe Is Art).