2014-09-11_oej05bearbWeb.JPGDet forrige fullstendige oversynet over litteraturen om Arne Garborg kom på førtitalet. Dette ville studentane Astrid Kristine Fylling Hodne (t.h.) og Eli Dallavara Haugstad gjera noko med.

«Sidan då har det kome mykje ny litteratur om Garborg,» skriv dei i forordet til bacheloravhandlinga si, «dermed ser me at det er eit behov for ein samla bibliografi om Arne Garborg, som strekkjer seg frå hans debut og fram til og med 2013.»

Me på Garborgsenteret synst sjølvsagt dette er gysla spennande, og er takksame for at dei tok på seg eit så stor – og etter vårt syn, viktig – jobb. Me har fått vera litt med på prosessen undervegs, og er imponerte over det ferdige resultatet.

Det er god stemning når me møter dei i kafékroken på Time bibliotek/Garborgsenteret. «Me får jo kje sjå kvarandre så ofte meir,» ler dei. Astrid arbeider på Hå folkebibliotek og Eli på Time bibliotek. Dei kjende kje kvarandre frå før, men møttes på bibliotekhøgskulen i Oslo. Etter kvart begynte dei å dela på å reisa inn til forelesningar; ein reiste, og den andre fekk lesa notata. Dei fann ut at dei trivdes godt i lag, og kom på å skriva bacheloroppgåve saman.

«Garborg var vår,» seier dei, og siktar til det eigarforholdet mange jærbuar kjenner overfor den store diktaren. Dei smiskar litt, og seier at Garborgsenteret var med på å stimulera interessa. Når dei så sette i gang, bestemte dei seg for å gå grundig til verks, sjekka alle tilgjengelege bøker på Nasjonalbiblioteket – og alle andre stader der dei mistenkte det kunne vera noko nytt. Dei fann ein del hos oss på Garborgsenteret, og i Garborgreolen på Time bibliotek fann dei tekstar som ikkje var registrert nokon stad. Og dei gjekk gjennom årgang på årgang av litterære tidsskrift.

Eli-bibliografiJPGwebKrymp.jpg«Me har holdt åtti prosent av alle tekstane i hendene,» seier Eli.

Me får her skyta inn at det dei snakkar om, er åtti prosent av 889 tekstar! Me spør: har forestillinga dykkar om Garborg har endra seg i løpet av arbeidet?

«Me har fått mykje meir innsikt i Garborg-litteraturen…»

«…han er viktigare enn me visste…»

«…alt han la seg opp i…»

«…målsaka…»

«…samfunnsdebatt…»

«…religion…»

«…sjølvstendeprosessen.»

Me spør: kva kan bibliografien nyttast til?

«Det er verktøy til gjenfinning. For dei som skal skriva oppgåver, forska, skriva artiklar. Me ville gjera noko nyttig, vil at bibliografien skal nyttast, kanskje kan han hjelpa elevar.»

Og at han er nyttig, er det inga tvil om. Opna pdf