{rdxsg folder=”images/stories/garborgsenter/bildegalleri/Utstilling”}
“Mot til å meina, styrke til å skapa” er namnet på den faste utstillinga. Tittelen speglar viktige sider ved Arne og Hulda sine liv og verk, og er verdiar Garborgsenteret ønskjer å vidareformidla.
Utstillinga er basert på Jærmuseet sitt motto om “å læra ved å gjera”. På Garborgsenteret skal ein ikkje berre sjå og lytta, men lesa, vera kreativ og løysa oppgåver – både taktile og interaktive. Dei ulike sonene tar for seg følgjande tema: ekteparet, språk, demokrati, litteratur, modernitet og tradisjon, media, livs- og samfunnssyn. Her skal ein både kunna læra om Arne og Hulda Garborg, men også gjera seg opp sine eigne meiningar.
I den interaktive utstillinga kan du utforska Arne og Hulda Garborg, liva deira, verka deira, visjonane deira. Du kan leika deg med den magiske blå kista, snurra på diktarhjulet, leita etter visdom i døypefonten, sjå skuggeteater, kosa deg i lyttestolane – og du kan fordjupa deg i litteraturen. Nettavisa Den 17de Mai guidar deg frå sone til sone.
Publikum blir invitert til å setja fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda – ein skal læra gjennom å gjera. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass.
På Garborgsenteret finn du noko for alle, uavhengig av alder og forkunnskapar.
“Et oppslagsverk i 3 dimensjonar”.
Ivar Gunnar Braaten, Aalesund- og Borgundberetninger 22.2.13 (les blogginnlegget her)
“En ut-av-monter-opplevelse. Selv for trette menn finnes håp. På Jæren. Garborgsenteret klarer nemlig det de færreste museer makter: å treffe målgruppeblink gjennom morsom og engasjerende interaktivitet. (…) Luftig design og oversiktlige medievalg gjør at informasjonen kan tilpasses den lærestilen besøkende har. I motsetning til mange museer, ekskluderer den ikke dyslektikere eller besøkende med audiovisuell lærestil.”
Per A.D. Jynge, Museumsnytt 1/2013 (les heile meldinga her)
“Då eg forlet Garborgsenteret, tok eg meg sjølv i å tenkje «Eg burde lese Haugtussa», noko som aldri før har slått meg. Skulle eg gitt utstillinga ein karakter av gamal skala, ville det blitt Meget godt.”
Ellen Waldeland, Jærbladet 6.7.2012