Meisterskribenten Gonzo Johnsen

Den kjente journalisten Gonzo Johnsen skal i tida framover hjelpa Garborgsenteret med heimesida. Dei fleste hugsar han nok som mannen som ville innføra nynorsk i Danmark.

«Sidan eg fekk høyra om dansketida på ungdomsskulen, har det vore eit mål for meg å få dei til å skriva vårt språk i fire hundre år. Førebiletet mitt har alltid vore Arne Garborg.»

Korleis det gjekk?

Jærbuen Johnsen sukkar.

«Det var vanskeleg. Sant å seia fekk eg berre overtalt éin person til å gå over frå dansk til nynorsk. Og ho hadde allereie søkt på lærarstudiet i Volda.»

Skjedde det ingenting positivt?

Johnsen smiler svakt.

«Det morosame var at ho ikkje kom inn!»

I Danmark er han like kjent som statist i dogmefilmar, rockepoet (eitt musikkalbum, to diktsamlingar), undergrunnsjournalist (i gratismagasina «Letmælk», «Tungtvann» og «Elvebrus»); samt nordisk meister i oppnedskriving, ein meisterskap som i Noreg vart direktesend på TV-kanalen Fem.

«Det må du få med. At eg er nordisk meister i skriving. Kall meg meisterskribent, du, gjerne i overskrifta.»

Kva planar har han så for arbeidet ved Garborgsenteret? Er det Garborgs galningar? (PS! På grunn av ny heimeside ligg Garborgs galningar nede, men vil saman med ein ny serie koma på plass etter kvart.)

På dette tidspunktet vert Johnsen utilpass og ber oss gå. Alt me kan seia, er: Lukke til, Gonzo Johnsen!

Tekst: Ørjan Johansen.
Kjenner du ikkje Gonzo Johnsen? Begge diktsamlingane hans er omsett til norsk (bokmål) og kan lånast på dei fleste folkebiblioteka.

Les meir om Garborgs galningar i Jærbladet og Stavanger Aftenblad.