Medaljane sin medalje

Er du tøff nok for denne?

Er du glad i å springa og litteraturinteressert, ja då er det berre å hiva seg med på Undheim 6-timers. Undheim 6-timers er nemleg namnet på eit løp, eit sekstimarsløp, sjølvsagt – det vil seia at ein skal springa så langt ein klarar på seks timar. Og å springa så langt ein klarar, det kan alle klara. Og etterpå, når du har klart å springa så langt du klarar, ja då får du medalje. Og alle likar jo medaljar. Me på Garborgsenteret likar deltakarmedaljen til Undheim 6-timers særleg godt, ja me tykkjer at det er den vakraste medaljen i heile verda; den har nemleg Arne Garborg si skrivarstove Knudaheio som motiv.

Knudaheio ligg på Undheim, sjølvsagt, og i tretti år har arrangørlaget Undheim IL nytta motivet på medaljane til Knudahei-marsjen. No held dei fram med denne tradisjonen med nylaga medaljar til det nye eliteløpet. «Me ville ha ein medalje som skilde seg ut,» seier leiar i friidrettsgruppa, Svein Ove Risa.

Risa_web

I mange år har Undheim hatt eit imponerande løpsmiljø, særleg på dei lange distansane, med undheimsbonden Risa sjølv i fremste rekkje. Men no slit han med ein skade og må nøya seg med å vera arrangør. Han kan fortelja at Undheim 6-timers er eit såkalla «ultraløp», det vil seia løp som er lengre enn maraton (42195 meter). Årets utgåve er uttakingsløp til VM 100 km (to og ein halv maraton, med andre ord…) i 2012. Løpet er ei årleg hending, og på sikt ønsker dei seg internasjonal deltaking.

«Dette året er Årets Ultraløper 2010 påmeld, og både han og Jarle [Risa, bror til Svein Ove, red.anm.] er i stand til å ta noregsrekorden på 85490 meter.» Det glimtar i bonden sine auger. «Det hadde vore flott om norgesrekorden var på Undheim, og det hadde heller ikkje gjort noko om det vart årsbeste i verden. Litt tøft når det står på verdsstatistikkane at resultatet er oppnådd her.»

Litt tøft om verdas fremste ultraløpar får Knudaheio kring halsen òg, tykkjer me på Garborgsenteret.

«Då skulle folk visst kor liten plass Undheim er,» ler Risa.

Det er framleis mogleg å melda seg på (ta kontakt med Undheim IL). Men viss du ikkje klarar du ikkje å springa så langt du klarar, så kan du koma og sjå på i staden, det klarar du. Utøvarane spring rundt og rundt, gjennom ei sløyfe på to kilometer med start ved Undheimshallen. Og der, inne i hallen altså, er det friidrettsskule for born mellom fire og ti år medan løpet pågår; og idrettslaget serverar pølser, kaker og kaffi.

«Du har auge for motiv, du» seier me på Garborgsenteret til Risa, «det skulle ha vore ein medalje for slikt.»

Av dette ler Risa høfleg og tørt.

Skrive av Ørjan Johansen