Med ungt blikk

KnudaheioDetalj2
I tillegg til den faste utstillinga, Mot til å meina, styrke til å skapa, har Garborgsenteret sett av eit område til skiftande utstillingar. Her vil det koma gjenstandar av ulik art. Nå, i samband med opninga, er det utstilt bilete frå Garborgsenteret si første referansegruppe. Mellom 2008 og 2011 var elevar ved vidaregåande skular i Garborg-kommunane Asker, Time og Tynset til stor hjelp når det gjaldt å retta senteret sitt innhald mot ungdom og unge vaksne.

Dei fekk reisa til alle Garborg-husa, og tok der mange flotte fotografi. Dei beste av desse er nå utstilt under tittelen “Med ungt blikk”. 

Fotografar: Nina Wilborn, Kaja Kampenhaug Alexandersen, Thea Vahr, Magnus Howes Gunnerød, Andreas Opstad, Ida Fossli (Asker); Mads Gjesdal, Anders Nese, Ingrid Solberg, Hanna Khazri, Ida Undheim, Anne Danielsen (Bryne); Aina K. Halvorsen, Øyvind Siksjø Norvik, Stine Spånberg Husfloen, Kristian Kirkbakk, Øystein Arne Rusten, Vibeke Bjerkaker Strand (Nord-Østerdal).

Sjå fleire bilete her.