Marita Holstad Haugland vann hovudpremien på 3000 kr og Håkon Johnstuen fekk Garborgprisen. Begge vinnarane kom frå Stavanger katedralskole.

Seks dyktige finalistar kjempa om å vli fordjupingsmeisteren 2016. Første april var dei på Garborgsenteret for å kjempa om beste fordjupingsoppgåve i norskfaget. Dei frammøtte fekk sjå mykje godt arbeid, dyktige foredragshaldarar – og lærte heilt sikkert ein heil del, alle.

Vinnar vart Marita Holstad Haugland frå Stavanger katedralskole med «Religiøse tekstar i endring» – der ho på ein framifrå måte viste korleis syndsvedkjenninga i den norske kyrkja har endra seg sidan 1889. Garborgprisen (for den oppgåva som var mest i Arne og Hulda Garborg sin ånd) gjekk til Håkon Johnstuen, også han frå katedralskolen i Stavanger, for «Ei oppskrift på norske kommunevåpen».

Dei andre gode deltakarane var Marthe Anfindsen, Sigrid Frafjord Landa og Markus J. Aase frå Sandnes vgs, og Vemund Knudsen frå Stavanger katedralskole.

Juryen besto av Jan Kristian Hognestad, UiS, Margrethe Sønneland, Lesesenteret, Jorunn Osland, Garborgsenteret og Arnstein Jonsbråten, pensjonert norsklektor.

ForsdjupingsLogo2016

Det var andre året at fordjupingsmeisterskapen vart arrangert – og me ser fram mot neste år!

I 2015 vann Martin Værum Anda frå Vågen vgs, medan Garborgprisen gjekk til Vilde Amalie Tolo frå Stavanger katedralskole.