Mann funnen etter sju veker i leikeberget

Han sit på stolen inne i «berget», ei slags leikehytte i utstillinga på Garborgsenteret. Veggane er kledde med gråstein og det finst ei kiste med utkledingsklede og leikeskattar, ein stol og hyller med bøker og leikefigurar. Det viser seg at han har sete sju veker i stolen.

Det var på ei kveldsvakt at ein av utstillingsvertane oppdaga at det ho lenge hadde trudd var ein svær og mjuk kosebamse, rørte på seg. Me blei tilkalt og fekk til ein samtale med mannen. Me ville gjerne vita korleis dette kunne ha seg. Var det noko gale med rutinane våre? Kvifor gjekk han ikkje heim? Korleis hadde han overlevd?

Han fortel: 

“Eg har stort sett sove i opningstida. Eg er eit B-menneske og ser sjeldan noko til sola allikevel. Vertane har nok tørka støv av meg når eg sov, for innimellom følte eg meg rein og fin når eg vakna. Det hendte også at det føltes som om nokre hadde klemt meg. Eg er jo litt lodden. Eg hugsar forresten eg vakna i opningstida ein gong, då sat ein liten tass på fanget mitt. Han var ikkje stoverein, men mora tok han snøgt med seg. Kanskje det var ein draum, eg veit ikkje. Eg drøymer så mykje rart. Fortalte eg at eg er eit B-menneske? Eg er nesten aldri vaken medan det er dagslys.”

Han nektar for at han er eit troll. 

“Nei, nei. Eg er ein heilt vanleg mann frå Dovre. Eg har nok eit snev av solallergi, får lett utslett. Elles er eg som folk flest, vil eg tru. Flytta nettopp saman med kjærasten min, ja for sju-åtte veker sidan. Om eg har snakka med henne? Ja, eg har jo telefon. Det er stikkontakt her. Kjærasten min er òg B-menneske, så det er blitt nokre seine samtalar. Det har gått greitt, me er introverte, begge. Det sosiale har vore akkurat passe, vil eg påstå. Men det var jo litt dumt at eg forsvann idet me skulle pussa opp. Me hadde kjøpt jotunmaling i skiferfarge og dimmespotlightar, men ho har fått til det meste utan meg. Bra dame. Ho malar med halen, hehe. Eg berre tullar, ho er kje troll, ho heller.” 

Men korleis har han overlevd? 

“Det er jo gråstein på veggane her. Har gnaga litt på dei.” 

Han peikar, og me ser tydelege bitemerke i steinbelegget. 

“Alt går i grisen, er det det dei seier? Stein er ikkje akkurat livretten min, men det er heimekoseleg her. Minner meg om huset til mormor og morfar. Dei budde på Dovre, dei òg. Heldigvis hadde eg små skulpturar av dei i lomma då eg gjekk meg vill. Eg sette dei i hylla her, då følte eg meg trygg.” 

Men kvifor gjekk han ikkje berre heim? 

“Eg sovna. Dessutan fann eg kje vegen.” 

“Men det er jo berre éin utgang.” 

“Der ser dykk. Korleis kan de venta at me skal finna vegen viss det berre er éin utgang? Hadde det vore mange utgangar, kunne eg kanskje ha funne ein av dei. Det er i grunnen merkeleg om ikkje fleire enn meg er blitt sittande bergfast. Har de leita skikkeleg?” 

Han legg til at han trass alt har trivest i leikeberget. 

“Det er bøker her. Eg har lese ein del. Den om blod likar eg ikkje, men den om bæsj har eg ledd av. Den eg har lese oftast er De tre kongsdøtrene i berget det blå. Det har vore ei god trøyst når eg har sakna kjærasten min.”  

Han pustar tungt.  

“Men du? Er du sikker på at eg må flytta? Gå heim, meiner eg? Eg trur kanskje at kjærasten min er litt surare enn ho har gitt uttrykk for. Er det ikkje ei hole eller noko omkring her som eg kan gøyma meg litt i? Ein stad med gråstein, kanskje? Oppi Knudaheio? Eg har årskort i Jærmuseet, altså.” 

Det veit me ikkje. Me seier at han uansett må gå nå. Han blir litt sur:

«Nei nei, du treng ikkje visa meg vegen. Eg kan gå sjølv. Det er jo berre éin utgang, som du så frekt påpeika. Eg skal berre ringa først, til kjærasten min. Eg skulle ha vore innom butikken på veg heim den dagen eg forsvann, ser du. Hallo? Hei, Gullhår, ja det er meg. Nå kjem eg heim. Kva sa du? To lettmjølk og eitt grovbrød? Det skal eg ordna. Og druer? Steinfrie? Ikkje det, nei. Tomatar òg? Ikkje soltørka. Og ikkje Sana Sol heller. Har me graut? Fint. Sjåast snart, då.” 

«Er det bort her?»

A P R I L S N A R R!