I det interaktive spelet «Strid» konkurrerer deltakarane om å vinna ei folkeavstemming i det fiktive landet Heimland. Skal Heimland behalda språket sitt – eller gå over til engelsk som offisielt språk, som språkministeren foreslår? Deltakarane blir delt inn i fire lag som kjempar anten for eller imot dette forslaget. Laga får kvart sitt kontor, må svara på e-postar og telefonar frå meiningsfeller og motstandarar, media, politikarar og innbyggarar i Heimland, dei må gjera oppgåver, laga reklame, lesa nettavis og delta i den store debatten. Kven vinn?

STRID er «rosinen i pølsa» i Garborgsenteret si utstilling, utvikla av Mediafarm

Passar for 12 – 30 deltakarar, og varer i 1,5 time.