Nesten tre hundre menneske hadde møtt opp til opningsseremonien til Garborgsenteret i dag. Gode støttespelarar og mange skodelystne fekk høyra talar frå Time-ordførar Reinert Kverneland, Jærmuseets direktør Målfrid Snørteland, Garborgsenterets Inger Undheim og kulturminister Anniken Huitfeldt. Poet Helge Torvund kunne på vegne av ein jury gratulera to vinnarar av Dagbladets diktkonkurranse, Oddbjørn Birkeland og Simen Kjærsdalen, som begge fekk lesa sine vinnardikt. I tillegg framførte Torfinn Nag og Ingrid Rusten ein dialog mellom Arne og Hulda Garborg, og Trette Menn spelte ein rockeversjon av «Haugtussa»-diktet «Veslemøy synsk».

Her erklærer kultuministeren Garborgsenteret for opna. Ho heldt ein flott tale der ho blant anna kom inn på sitt personlege forhold til Arne Garborgs «Bondestudentar».

IngerBearbWeb
Inger Undheim, avdelingsleiar på Garborgsenteret, har jobba hardt for dette lenge, og kunne endeleg feira ein av sitt livs store dagar.

TorOskarBearbWeb
Rockarane i Trette Menn, kjend frå Garborgs galningar, spelte «Veslemøy synsk» med kledelege Garborg-bartar. Her er songen deira.

AvGodeDagarBearbWeb
Skodespelarane Ingrid Rusten og Torfinn Nag framførte ein dialog basert på Arne Garborgs «Kolbotnbrev» og Hulda Garborgs dagbok.

FolkWeb
Etterpå fekk alle lov til å koma gratis inn i utstillingslokalet.
Skrive av Ørjan Johansen