Arne Garborg og korn i krigstid

Mange kjenner til Terje Vigen som rodde til Danmark etter korn. Napoleonskrigane herja Europa og engelske krigsskip sperra forsyningslinene som skulle hjelpa Noreg å brødfø folket.

Naudsynt import av korn har vore viktig for Noreg. Det fekk Hulda og Arne Garborg òg erfara under 1. verdskrig. Sommaren 1914 skaut kornprisane i vêret då krigen braut ut. Ein importavhengig nasjon var nok ein gong sårbar for handelsblokade, og kornlager som matberedskap fanst ikkje då heller.

Garborgsenteret har fått kopi av to brev som Arne Garborg skreiv i 1917. Her kan me sjå at diktaren vende seg mot Jæren, med ei bøn til venen Ola Mossige, om å få kjøpa korn før vinteren. I desse audmjuke breva får me innsyn i dyre kornprisar, uår og ein diktar som sjølv driv med matauk i eigen hage.

*Ola Svenson Mossige (1864–1919), g. 1899 m. Hanne Marie Hansdtr. Hognestad (1870–1961). Dei dreiv først garden på Mossige, men frå 1907 dreiv dei gard på Tu i Klepp.

Valstad St. Drammensbanen, 8.10.17

Arne Garborg.

Du Ola Mossige!

Takk for sist! Det var serskilt hyggjelegt aa koma til Tu att og sjaa at alt stod vel til.

Sjølv er eg Austlending no att, so lengje. Og lidevetta «Bonde» er eg au: hev snart «fingje op Eplo,» — det litla me heve av det Slagje. Det meste av haga-Arbeide er au undagjort no, som vel er; for Vinteren kjem tidlegt i Aar, ser det ut til.

Og han vert visst ikkje so lett aa baska seg igjøno, denne […] dei kann vera, og dei ser helst ut til aa vilja versna. Paa einkvar Maaten greier det seg, veit me, og æveleg kann kje det vonda vara, men vrangt ser det ut med mangt, det er visst nok.

Me snakka om dette, Kona og eg i Dag, og var kje noko sers modige; det er kje berre det at Prisarne stig paa mest all Ting; men det er so mykje ein ikkje kann faa lenger heller. Soleis vert det meir og meir vanskelegt med Mjølvare av ymist Slag; og no, daa ein lyt spara paa Mjølki, og det snart ikkje er Korn til «Kaffi» heller aa faa, veit ein snart ikkje aa greia seg med «Væta til Maten» heller.

Men so kom eg til aa minast og fortelja henne det Du sa meg, da eg gjekk fraa Tu sist; at um det skulde knipa med Mjølvare fær me kunde faa kjøpt paa [Tu det] me turvte. Glad vart ho; ho hev alltid vore serskilt fornøgd med den Mjølvara me hev fenge fraa Jæren; og i Aar vilde det koma serskilt vel med, um me kunde faa ei Sending; h bad meg skriva strakst og nemnde upp det me turvte; her er Lista:

  1. 10 Kilo «Kaffi-Korn», (Rug, eller Havre, eller Bygg; berre sjølve Korne);
  2. 25 Kilo Havragryn (Havramjøl hev me);
  3. ½ Sekk Kveitemjøl;
  4. 1/2 Sekk fint Rugmjøl;
  5. 25 Kilo grovmale Kveitemjøl (eller «Grøp» som dei kallar det her.

Det Du kunde skaffa oss av dette vilde me daa svært gjerne ha. Og naar du sender det paa billegaste Maate (med Dampen), so vert det ingen Prisforskjel som er snakkande um. Er det noko Du ikkje hev […] [linje manglar] me gjerne i Staden meir av det andre som er uppskreve, um det so kunde falla seg. Kunde dette lata seg gjera, so vilde det vera oss ei stor Hjelp.

Me høyrer elles, at det vart slikt eit øye Ver der burte nettupp i beste Haustings-tidi, so at mykje av Kornavlen vart reint utskjemt mange Stader utyve Jæren. Er det so gale med dette som det høyrest, og var Du ute for Ulukka som andre, so veit eg ikkje koss det kan falla for Deg med slik ein Smaahandel som denne eg her skriv um; men det var nok væl, um Ulukka ikkje var so stor og so aalmenn som Orde gjeng.

Med helsing fraa Hus til Hus og med alle gode ynskje for Deg og Dine

i Venskap

Aadne Garborg 

Valstad, 8.11.17

Herr O. S. Mossige!

Mange Takk for Brev.

Me tenkte helst no, at det ikkje let seg gjera i desse Tider aa selja Matvare fraa Jæren og hit aust, og det hadde me au late funne oss i. Men de veit, at det som kann vera aa faa, det er nok for oss kjærkome.

Det er daa fyrst og fremst Havregrøn um-aa-gjera; 1/2 sekk vilde Hulda gjerne ha.

Ja,og so 20 Kilo Rug (Korn); – eller Bygg, um det skulde vera vanskelegt aa faa Rug. Og berre ein Sort av kvart Slag. Det vil vera god Hjelp bara i dette.

Det var godt at de fekk Korne so godt i Hus; og det er daa som me tenkte; det var kje liga gale yvi heile Jæren, som vel var. Og Eplo greier seg vel òg, daa du hev so godt Rom aat dei. – Men for mange vert nok dette eit stridt Aar.

At Du hev havt anna å tenkja paa i Haust enn Brevskriving kan me nok forstaa. Men kann det laga seg med dei Par Ting som eg no hev nemnt, so skal me betala dei Prisarne som gjeld og endaa vera glade. For denne Vinteren vert visst ikkje grei.

Med Helsingar fraa Hus til Hus

Aadne Garborg