«Eg skal finne deg i Sør-Varanger, Kautokeino og Stavanger»

Dylan-tolkaren Tom Roger Aadland speler på Time bibliotek

Fredag 27. januar kl. 19.30 kjem Tom Roger Aadland på besøk i høve Garborgdagar 2017. Haugalendingen (f. 1964) er ein av landets fremste rockepoetar, skikkeleg på veg opp og fram etter fjorårets kritikarhylla gjendikting av Bob Dylans album «Blonde on Blonde» («Blondt i blondt»). Tidlegare har han gjendikta «Blood on the Tracks» («Blod på spora») av same mann, og gjeve ut fire album med eigne låtar, sist «Rapport frå eit grensehotell» i 2015, eit album som også gav han framifrå kritikkar. Me gler oss veldig til å oppleva han igjen, så me tok ein prat med han.

Du spelte hos oss i 2015 òg, ein svært flott konsert. Korleis opplevde du det?
Eg har gode minne frå konserten i 2015. For meg som skriv songar på nynorsk, er det alltid stas å spele i Garborg sitt rike. Eg hugsar også at eg framførte eitt vers av «Sorgsame kvinne ifrå Jæren» for første gong den kvelden.

Denne gongen skal du spela i sjølve biblioteket, mellom romanar og noveller. Korleis ser du på det?
– Eg starta med bibliotek-konsertar med «Blod på spora» i 2009, ut ifrå tanken om at Dylan er verdslitteratur. Litt artig at han fekk Nobelprisen i Litteratur sju år seinare! Så å syngje blant hyllemeter med historier, tankar og følelsar i bokform, kjennest godt.

Den siste plata di, «Blondt i blondt», er ein nynorsk versjon av Bob Dylans «Blonde on Blonde». Kvifor gjorde du dette og korleis har du opplevd den gode kritikken?
Eg har lenge hatt lyst til å lage ein oppfølgjar til «Blod på spora». Då eg kom til å tenkje på at 2016 var eit dobbelt jubileums-år (Dylan 75 og «Blonde on Blonde» 50), synest det som ein bra ting å gjere. «Blonde on Blonde» er jo Dylans meisterverk, synest eg. Eg hadde håpa på svakt positiv respons, men hadde aldri trudd at «Blondt i blondt» ville få så overveldande mottaking, både hos kritikarar, kollegaer og publikum. Eg ser at 2017 blir eit travelt konsert-år, akkurat slik eg likar det!


 

Kva er utfordringane med gjendikting, i dette tilfellet frå engelsk til nynorsk?
Det viktigaste er jo å forsøke å ta vare på essensen i teksten, etter beste evne. Eg prøver å ikkje bli så kreativ i gjendiktinga at eg står i vegen for opphavsmannen. Når det gjeld Dylan sine songar, så er det jo òg ei stor utfordring å behalde mest mogleg av det klanglege og det rytmiske. Teksten må liggje godt i munnen når eg syng han på nynorsk.

Korleis arbeider du fram dine eigne versjonar? Kva er Dylan og kva er Aadland?
Det er jo mitt eige mottaksapparat som oppfattar Dylan; eg veit ikkje kva han sjølv har «meint» med dei forskjellige linjene og songane. I utgangspunktet prøver eg å vere ganske tru mot originalen, og det er som regel meir som kan omsetjast ganske direkte enn ein kanskje skulle tru. Men dersom eg kjem på referansar som fungerar godt på norsk, brukar eg ofte dei. Døme her er «I’ll look for you in Honolulu, San Francisco and Ashtabula» som blei til «Eg skal finne deg i Sør-Varanger, Kautokeino og Stavanger». Dylans Amerika er jo det som ligg rett utanfor stovedøra hans; bussruter, avisoverskrifter, barndomsminne, vêrmeldingar og kva veit eg. Så eg synest det er fint å skape eit norsk univers når eg gjendiktar Dylan.

Kva tenker du om at Dylan fekk nobelprisen i litteratur i fjor haust? Er songtekstar litteratur?
Eg vart svært glad då Dylan fekk prisen. Han er truleg den nolevande skrivande personen som har betydd mest for flest. Men eg er ikkje samd med dei som hevdar at Dylans tekstar like gjerne kan lesast som syngjast/lyttast til. Eg meiner at Dylan heilt klårt står i ein munnleg/songleg tradisjon, og det at han i ein alder av 75 år stadig reiser verda rundt og syng songane sine, kveld etter kveld, understøttar dette.

Korleis vurderer du Dylan-produksjonen i forhold til den andre delen av katalogen din?
Eg er veldig stolt av «Blod på spora» og «Blondt i blondt», og blir aldri av å syngje Dylan på konsert. Men det eg gjer mest, sikkert 90% av tida, er jo å skrive nye låtar sjølv. Så gjendikting og låtskriving er eit interessant og berekraftig vekselbruk for meg.

Kva er planane framover? Kjem det fleire plater? 
Det kjem eit album med nye Aadland-låtar til hausten. Eg har òg nokre nye – litt større – Dylan-prosjekt i kikkerten, me får sjå om dei kan realiserast. Elles ser eg fram til eit 2017 med mange konsertar og festivalar.

 

«En kjempebra konsert» skreiv Festivalguiden etter konserten 27. januar. Du kan sjå bilde og lesa meir her.

 

Tekst: Ørjan Zazzera Johansen. Foto: Arash Taheri (øverst) og Arvid Børretzen.