“Kongeboka” er på plass!

I våres kom den store nyheita om at Erling og Alfie Haaland hadde kjøpt Noregs dyraste bok og gjeve ho til Time bibliotek. Måndag 9. november kom ho endeleg, etter å ha blitt skanna og undersøkt av Nasjonalbiblioteket på vegen.

I eit storslått arrangement, med Alfie og nasjonalbibliotekaren, Tønes og Janove Ottesen som celebre gjester, blei boka presentert for 250 gjester i biblioteket og på Garborgsenteret. Nesten 200 av dei var skuleelevar frå grunnskulane i Time.

Publikum fekk sjå ein film der Erling Braut Haaland svarte på spørmål om lesing, ein samtale om lesing og Kongeboka mellom Garborgsenterets leiar, Inger Undheim, som leia arrangementet, og Ottesen og Alfie Haaland. Tønes opna og avslutta scenearrangementet med nokre av sine populære visesongar, før boka blei sett inn i monter i sin nye heim på biblioteket.

Utstillinga er laga av Garborgsenteret, som også skal stå for utstillinga. Frå våren av blir det mogleg for skular å høyra om boka, saga og vikingtid.

“Kongeboka”, offisielt kalla Den norske krønike, er frå 1594 og skriven av Mattis Størssøn, lagmann ved Gulating i Bergen til han døydde i 1569. Manuset blei gitt ut i bokform etter hans død av kretsen rundt den dansknorske regjeringa. Boka var ei bearbeiding av Snorres kongesagaar og andre sagaar, og starta ei viktig rørsle i norsk litterær og politisk historie. Med tida blei sagaane om dei norske konge populære og var toneangivande i kampen for norsk sjølvstende, særleg under den svensknorske unionen på 1800-talet.

I utstillinga kan du òg finna ut meir om nokre av dei viktigaste norske og jærske vikingane, og få eit innblikk i korleis sagaane har påverka norsk og internasjonal litteratur, inkludert Arne og Hulda Garborg.

Dagtidsarrangementet var for skuleelevane, men måndag 9. november kl. 18 er det utstillingsopning for alle som er interesserte. Då snakkar Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen med nasjonalbibliotekar Åse Wetås og bokas tidlegare eigar, Johan Odfjell, samt konservator ved Nasjonalbiblioteket, Hege Høsøien. Gjestene får også ei omvising i den nye utstillinga.