Kart til Garborgløypa

Nå kan du henta kart på Garborgsenteret eller lasta det ned her.

Garborgløypa er ei digital formidlingsløype i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje. Til saman finn du rundt 60 skilt med QR-kodar på. Ved hjelp av telefonen får du så fram ein film eller eit filmklipp til kvart av desse. Du møter Arne og Hulda Garborg, Veslemøy frå Haugtussa, Enok Hove frå Fred – me lovar at skal få nokre overraskingar òg.

Dette er ei løype for heile familien, og du treng ikkje å få med deg alt eller gå i ei spesiell rekkefølge for ha utbytte av henne.

Kartet kan du henta i skranken på Garborgsenteret/Time bibliotek, på servicetorget på Time rådhus og fleire andre stadar. Ta kontakt viss du lurer på noko. Dei fleste punkta er utandørs og tilgjengelege for alle året rundt. Knudaheio og Garborgheimen er opne søn- og helgedagar kl. 12-16 f.o.m. 7. mai og ut september (2017). Sommarope i juli og halve august, kl. 12-17. Elles opent ved førespurnad (gjeld også Time kyrkje).

Last ned pdf her

Les meir om Garborgløypa

PS! På Garborgsenteret kan du sjå eit samandrag av filmane i Garborgløypa på storskjerm.