Time kommune har fått laga ei stilig og god steintrapp opp til steinskulpturen "All denne fagre utsyn".

Til Arne Gaborg sitt 150-årsjubileum i 2001 (han er fødd 1851) blei det reist ein steinskulptur av diktarens hovud ved skrivestova hans i Knudaheio. Skulpturen, laga av kunstnar Hugo Frank Wathne, var omstridd, men er blitt eit populært mål for alle som er opptekne av diktaren, samt dei som vil ta seg opp på eit av Jærens beste utsiktspunkt. Frå skulpturen, gjerne kalla ««an Aadne» etter diktarens døypenamn, kan ein sjå ut over Lågjæren og heilt til havs, men ein kan òg snu seg mot det dramatiske og trolske Høgjæren.

Nå har Time kommune gjeve alle som likar området ei god trapp å gå på. Nå er det slutt på å trampa i søle når du skal opp, eller ramla og skli på ryggen når du skal ned. Trappa skal òg bli fin å ha når den digitale formidlingsløypa «Garborgløypa» opnar til våren. Då skal det utplasserast 60-70 QR-kodepunkt ved steinhovudet og skrivestova i Knudaheio, samt Garborgheimen og Time kyrkje. Ved hjelp av smarttelefon og nettbrett skal alle kunna sjå små filmar frå diktarens liv og litteratur året rundt, eller høyra opplesingar frå dagbøker, Knudaheibrev, Fred og Haugtussa.

Me gler oss veldig til det, men trappa kan du bruka allereie nå. God tur!