Kammerpoetane kom!

20. september kl. 19 kom Kammerpoetane til Garborgsenteret, eit arrangement i litteraturfestivalen Kapittel14. Me tok ein førehandsprat med ei av dei, Liv Reidun Hansen.

De brukar det flotte ordet «poesikonsert». Kva slags oppleving ønsker de å laga?

«Ideen bak ein poesikonsert er å skapa forestillingar der ord og musikk, og av og til bilete, forsterkar kvarandre. Me tenkjer at poesi opplest i ein slik kontekst kan berøra og bevega.Me trur at folk flest har godt av nokre poetiske opplevingar. Dikt veks idet dei blir lesne høgt for andre menneske. Musikken løftar dikta fram. Slik blir ein poesikonsert ein god stad å vera.»

Kva betyr poesien for deg?

«Det handlar mykje om å tola det sårbare, og så opplever eg at eg får lov til å veksa meg sterk. Me er poetar fordi me ikkje kan la vera. Det å skriva er ein del av oss, noko me ikkje kan operera bort. Svært mykje av det livet dreier seg om kan transkriberast til poesi eller musikk. Og så gjeld det å la seg berøra, bevega. Våga å dela, ta imot.Eg har skrive meg sterk, eg har skrive meg sårbar. Kvar dag nye dikt. «

Kor viktig er det musikalske for deg som kammerpoet?

«Poesien er plattforma i kammerpoetgruppa. I tillegg er det fleire av oss som uttrykker oss gjennom musikk, biletkunst og dans. For meg personleg er nok musikken det aller viktigaste. Kanskje fordi eg hadde det så travelt at eg la det musikalske i meg til side. Å skriva har eg alltid fått tid til. For knapt to og eit halvt år sidan endra livet seg. Mannen min, og far til dei fire borna våre, døydde etter ei trafikkulukke. Eg spring, syng og skriv for å klara å halda meg fast i livet, for å ikkje slutta å tru på det gode. Og så fortset eg å tru på nåden, og ser kor dyrebart livet er. Poesi og musikk er viktigare enn nokonsinne, og på mange vis heng dei tett saman. Til sjuande og sist viste det seg at sjølv om eg har gjort himla mykje for å balansere dette uhyre smertefulle, så gjekk ingenting over. Men eg trur eg driv og syng meg heil no, det er i allfall det eg forsøker på. Tekstane tek utgangspunkt i dikta mine, og melodiane kjem ofte til meg når eg søv.»

Koss fann de fram til kvarandre, og korleis fann de plattforma dykkar?

«Me har eit samarbeid som starta ut ifrå Dagbladets diktkammer, leia av den fine jærdiktaren Helge Torvund. Etter kvart starta me nettstaden kammerpoetane.no. Somme av oss sendar tekstar til kvarandre, nokre gonger kjem vi tett på det dei andreskriv, andre gonger jobbar me meir for oss sjølve. Kammerpoetane er, slik eg ser det, temmeleg vågelege. Me skriv om det me ønsker å skriva om, og me kan bli temmeleg openhjartige, gå langt over i det som gjer vondt. Og me backar kvarandre opp. Det var vel kanskje slik me fann kvarandre, me la merke til kvarandre for det uredde, det særeigent poetiske, evna til å visa omtanke, koma med konstruktiv kritikk.»

Korleis påverkar den einskilde gruppa, og gruppa den einskilde? Gjer de kvarandre til betre poetar?

«Me er blant vener i dette fellesskapet, ikkje alltid einige, men me har denne felles kjerna. Det fine med poesien er jo at det er ein himla praktisk måte å nå andre menneske som brenn for det same. Ord beveger seg raskt no til dags via poetiske nettstader og sosiale medier. Men aller best er det når me møtast på ekte, deler poesi, musikk, litt latter og ein og annan klem. Då er det faktisk temmeleg fint å leva!»

Kammerpoetane har hatt arrangement mange stader i landet, og nå kom dei altså til Bryne. Les meir om Hansen og dei andre på www.kammerpoetane.no. Under ser du nokre sitat me fann der.