Teikneserien Huldas Heimestell debuterte på Garborgsenteret sin Instagram-konto, men har nå fått sitt eige hefte.
Har du oppskrifta på bjørnesteik? Pussar du tennene med trekol? Tar du med deg di eiga såpe når du bur på hotell? Huldas Heimestell handlar om Hulda Garborg og kokeboka Heimestell, som ho skreiv i 1898.
Teikneserieskapar er Ørjan Zazzera Johansen. Han skriv i forordet:
«Hulda Garborgs Heimestell (1898) var den første kokeboka på nynorsk. Ho blei populær og kom i fleire utgåver.
1800-talets kokebøker føresette gjerne at kokken hadde stort kjøkken med tenarar og utømmeleg stabbur. Heimestell, derimot, retta seg mot «smaae hushald, helst på lande». Ikkje nøydde Hulda seg berre med matoppskrifter heller, ho tok føre seg det meste ein måtte ta stilling i heimen.
Heimestell er såleis ei fullblods folkeopplysingsbok. Hulda Garborg krydra kunnskapane sine med skråblikk og morosame anekdotar. I dag har ho kanskje utspelt si rolle som kokebok, det står sjeldan bjørnesteik på bordet; men humoren lever vidare, og det er interessant å lesa om kva dei visste for litt over hundre år sidan.»
Han legg til:
«Ja, og så har eg lagt til litt her og der…»
I heftet dukkar både ektemannen Arne og vennane Sigbjørn Obstfelder og Alexander Kielland opp.
Huldas Heimestell er løyen og god underhaldning for dei som likar Hulda, for dei som likar kokebøker, og for dei som berre likar teikneseriar!
Heftet er til sals i museumsbutikken vår og kostar kr 79. Me kan òg senda i posten.