Ein ny song i månaden gjennom eit heilt år

Her kan du følga utviklinga i artisten Jørgen Tjemsland sitt nyaste prosjekt. Kvar månad i eitt år skal han laga ein ny song og framføra den. Han inviterer publikum til å koma med innspel og tema til kva den neste songen skal handla om. Hovudscenen er Mellombels ølstove på Bryne, men han vil dukka opp hos oss òg.

Du kan lesa meir på jbl.no (abo)

Tysdag 13. februar lanserte han prosjektet på Garborgsenteret, ideen fekk han då han var på skulebesøk (han er lærar ved Øksnevad vgs) og blei ståande og leika seg med diktarhjulet. Lanseringsdagen skreiv han følgjande diktarhjuldikt: «Colaflaska lengtar forbi tørre hender». Kjem det med i den første songen? Følg med!


Første inspirasjonsscene var torsdag 15. februar. Då spelte han songar frå debutalbumet «Øyehulehånd» frå 2017. Etterpå fekk publikum koma med forslag til ord som han skal ta med i den neste songen sin. Den presenterer han på Mellombels 15. mars. Me gler oss!