«Jærske landskap» på DVD

Filmen «Jærske landskap. Frå vårt og Arne Garborgs Jæren» er regissert av Leiv Tafjord og har Torstein Tunheim og Torsten Tunheim Olsen på rollelista (begge som Arne Garborg, respektivt som eldre mann og som ung gut). Musikken er laga av Georg Pollestad.

Filmen er produsert for Time bygdemuseum og hadde premiere på Garborgsenteret 5.12., men er allereie nå å få som DVD i museumsbutikken.

Produsenten seier fylgjande om filmen:
«Velkommen til vandring i jærske landskap der turen går frå fine fjell austanfor slettelandet til storhavet i vest – ei reise i nåtid og førtid. Turfolk som går dei såkalla Kul-turane representerer nåtida mens Arne Garborg og boka Knudaheibrev står for fortida. I filmen Jærske landskap er Garborgs forteljing og skrivekunst sett i høgsetet. Flinke amatørskodespelarar tek oss med attende til stader på Jæren der diktaren var både som barn og voksen. Ferda går til unge år og gjætartid på Snorestad, til turar etter golvsand på Nærland og Saltesandane. Frå vaksentida dreier det seg om heimlengt, om diktarstova i Knudaheio og litt frå livet der. Det vert gjensyn med barndomsheimen og sist, men ikkje minst om framtidstru. Klåre bilete og fin musikk framført av lokale tonekuntnarar gjer at mange vil kunna trivast med å sjå denne filmen.»

Garborgsenteret kan lova at det er ein poetisk og koseleg film. Her er ein artikkel frå Jærbladet, og her er eit innslag frå NRK Rogaland.

FilmWebTorstein Tunheim som Garborg.

Skrive av Ørjan Johansen.