Jærbuar på Skrivekunstakademiet

Likar du å skriva? Har du lyst til å sjå kor god du kan bli? Det finst fleire skriveskular i Noreg der du kan dedikera eit heilt år til skrivinga di. Me har tatt ein prat med to jærjenter som gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland 2016-2017.

Dei er May Therese Vorland (t.v.) frå Nærbø og Inger Størseth Haarr frå Vigrestad. Me møtte dei på Knudaheio, der litteraturen kviskrar i trea, for å høyra kvifor dei brukte eit heilt skuleår på å skriva skjønnlitteratur. Ja, Inger fortsette likså godt på påbyggskurset, og tar eit år til i same slengen. Ho seier: «Eigentleg trur eg at eg har lyst til å skriva fordi eg er så glad i å lesa og drikka kaffi og sitja stille i ein stol. Pluss at eg sjølvsagt likar veldig godt å skriva. På skrivekunstakademiet likar eg det veeeldig godt!»

May Therese var lenge usikker på skrivinga si: «Eg vingla mykje rundt kva eg ville og kor eg ville. Eg ville alt, ville bli dansar, ville bli skodespelar, ville bli journalist, ville redda verda, men har ikkje klart noko av det – enno. At eg skulle skriva med hensikt å bli ein ekte forfattar, var aldri i tankane mine. Skrivinga mi var berre skrivinga mi, noko eg gjorde for å ikkje bli gal. Då eg byrja å arbeida på Hå folkebibliotek møtte eg skjønnlitteraturen. Det var avgjerande for skrivinga. Korleis hadde eg klart meg utan dette i 27 år? Å søkja årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet sat langt inne. Skulle eg liksom driva med noko så seriøst som skrivekunst?»

Dei er samstemmige i at dei hadde eit fortreffeleg år, men kva var det som var så bra?

«Eg trur det hadde noko med at eg kunne stå opp om morgonen og vita at eg gjorde noko som var relevant», seier Inger, «det var liksom godt samvit, heilt gratis, utan at eg trengte å gjera noko anna for det enn å dukka opp og setja meg ned i klasseromet. Og så hadde me innleveringar heile tida, så me hadde jo ikkje noko anna val enn å produsera ting, det var ikkje sånn at eg måtte vera inspirert, eller finna på ein idé eller ein karakter eller eit eller anna som måtte vera på plass først. Dessutan var alt på skulen så inspirerande! Lærarane, alle dei fine tekstane me las, alle dei kule samtalane me hadde om å skriva og lesa – og, mest av alt, dei andre i klassen. Fytti, for nokre fine folk, og for nokre fine ting dei skreiv.» Ho legg til: «Eg visste om Skrivekunstakademiet, men eg våga ikkje å søkja før eg var 32 år. Då hadde eg jobba nokre år, og eg trur eg liksom måtte velja om eg skulle bli i Oslo og liksom prøva å «få ein karriere» eller om eg skulle gjera noko anna. Skrivekunstakademiet var kanskje ein måte å sleppa det valet for ei stund.»

Bondestudentar

På Jæren må ein jo bli skiten for at folk skal tru ein gjer noko verdifullt, så korleis er det å vera skrivande jærbu?

«Eg har tenkt at det kanskje er ekstra vanskeleg å vera frå Jæren og skriva,» svarer Inger, «men etterpå har eg tenkt at det kanskje ikkje er sant likevel. Eg trur det er vanskeleg uansett kor ein kjem ifrå. Men eg tykkjer verda treng meir litteratur frå Jæren! Fleire skrivande jærbuar. Eg trur at det å koma frå all den vinden, og den store himmelen og det store havet, gjer at ein skriv på ein spesiell måte. Det skulle eg gjerne ha lese meir av.»

May Therese: «Korleis skulle eg forklara og forsvara dette for folk heime på Jæren? Skulle eg aldri bli noko, bare ha tonnevis med studielån og ingen tittel, ingen garanti for arbeid? Heldigvis fann eg Bondestudentar av Arne Garborg. Boka gjorde at eg kjende meg mindre framand; eg var verken bygdejente eller byjente, eg var ein bondestudent. Det er imponerande gjort, at tankane Daniel Braut hadde på slutten av 1800-talet, kjennest som mine. Endå dei økonomiske og sosiale skilnadane i Noreg er langt mindre i dag enn då, er det framleis kulturelle skilnadar mellom bygd og by. Kanskje spesielt med tanke på skriving og litteratur? Eg visste berre om to skrivande personar frå Jæren då eg begynte på Skrivekunstakademiet, men tippar det er langt fleire som berre sit og ”potlar” for seg sjølve, slik eg gjorde i alle år.»

Ein ny Arne Garborg

Inger er ikkje i tvil, ho anbefaler absolutt alle som skriv, jærbuar eller ikkje, å søkja på Skrivekunstakademiet: «Og så anbefaler eg alle som ikkje skriv, men som kanskje har liiiitt lyst, til å begynna å skriva. Eller teikna. Eller synga eller dansa, eit eller anna som berre er ditt. Og det kan gjerne vera ein hemmelegheit, det trur eg berre er ein fordel.»

«Eg håpar dei som likar å skriva vil vurdera å melda seg på eit skrivekurs, eller søkja på ei forfattarutdanning», seier May Therese, «helst Skrivekunstakademiet! Me treng eit litteraturmiljø på Jæren, me treng tekstar som skildrar Jæren. Ikkje minst treng me ein ny Arne Garborg.»

Første april er søknadfristen for neste skuleår. Skrivekunstakademiet har 12 studieplassar og får inn kring 140 søkarar årleg. Finn søknadsskjema og les meir om Skrivekunstakademiet.

Foto: Guro Solheim.