«Hunger Games, vår tids Haugtussa»

Torsdag 24. oktober fekk Time bibliotek æra av å husa markeringa for 100-årsjubileet til Norsk Bibliotekforening (NBF). I den anledning heldt Janne Stigen Drangsholt frå UiS eit spennande foredrag om fantasylitteratur og bruken av myter. Ho drog opp dei store linjene frå Platon og framover, til vårt århundres fantasybølgje med Ringenes herre, vampyrar og Hunger Games.

«Du kan seia at Hunger Games er vår tids Haugtussa,» smilte Janne Stigen Drangsholt under hundreårsmarkeringa til bibliotekforeininga.

Heller ikkje den store naturalisten Arne Garborg gjekk av vegen for å bruka overtru og mytar i skrivinga si, aller tydelegast i diktsyklusen «Haugtussa».

«Haugtussa har nesten alle kjenneteikn på det som me i dag definerer som fantasy,» fortalte Drangsholt, førsteamanuensis i britisk litteratur. At hovudpersonen Veslemøy gjennomgjekk ei nedstigning til underverda var ei tydeleg døme. «Underverda er nesten alltid ei spegling av vår verd, men ho er bygd på andre lovar og andre vesener.» Drangsholt ser at Veslemøy sine opplevingar i underverda stemmer svært godt med moderne fantasylitteratur: Ho får eit godt tilbod om å bli verande i fjellet Skarekula, og nyta av underverdas fordelar, men innser at det vil forflata henne og vera skadeleg i lengda. «Difor vel ho å kjempa seg laus og koma tilbake til vår verd, verkelegheita,» fortel Drangsholt. «Veslemøy kjem seg ut; ho må oppgje noko, men det vert likevel betre for henne.»

Førsteamanuensisen ser tydelege likskapar mellom vår tid og 1890-talets nyromantikk, eit oppgjer med den forutgåande fornuftstenkjinga.

«Etter 11. september, og i Noreg, 22. juli, har litteraturen endra seg. Fantasybølgja inneheld både ei forklaring av verda og ei verkelegheitsflukt. Me ser mekanismar i litteraturen som ikkje er så lett å få auge på i verkelegheita, samstundes som me kan stenga det farlege ute og leva gjennom andres spennande og kjærleiksfylte liv.»

Ho påpeiker at situasjonen er mykje lik 1890-talet, med fin de siecle-stemning og framtidsfrykt, ei tid som ikkje berre skapte Haugtussa, men også Obstfelders «Jeg ser» og Edvard Munchs «Skrik».

Dei smilte ikkje på stiftingsmøtet i Stavanger, 25. oktober 1913.

Før Drangsholt slapp til, hadde Kristine Abelsnes innleidd og fortalt om bibliotekforbundets historie. NBF vart stifta 25. oktober 1913 i Stavanger. Ho karakteriserte dagens situasjon på denne måten: «Alle er for bibliotek. Me kjempar mot eit mangehoda, men snilt, troll.» Ho sa at dei hadde valgt Time bibliotek som stad for markeringa fordi det var nominert til Årets bibliotek. Nominasjonen var begrunna med bibliotekets tette forhold til sambuarane Garborgsenteret og Garborgstova, det nye, flotte lokalet med møterom og studierom, samt det høge antalet arrangement.

Biblioteksjefen i Time, Aud Søyland Kristensen er stolt og glad over nominasjonen. «Det er veldig stas. Me tek det som ei fjør i hatten, og deler merksemda med dei to andre samarbeidspartnarane Garborgsenteret og Garborgstova. Men me gjer også honnør til Time kommune for at dei satsar på ein modell som me trur eg framtidsretta.» Ho seier at samarbeidet med Garborgsenteret og kafeen Garborgstova løftar biblioteket på fleire måtar: utvida opningstider, synleggjering av biblioteket på nasjonalt plan og stimulans til fleire arrangement for publikum.

«Me utnyttar ressursane våre og areala våre, slik at publikum minst mogleg skal oppleva at dei må gå over tersklar,» seier biblioteksjefen, og legg til: «Det krev eit tett og godt samarbeid mellom institusjonane på alle nivå. Personleg kjemi blant leiarane er av stor betydning for at det skal fungera.»

Time bibliotek har erfart verknadane av samarbeid i tre år – med det stor auke i publikumstilstrøyming, og ikkje minst i svært positive tilbakemeldingar frå publikum om at huset er ein veldig god plass å vera. Biblioteket har vorte styrka som arena for sosiale møte, oppmøte på arrangement og som studieplass og formell møteplass.

Time bibliotek ligg nær knytt til offentleg kommunikasjon, berre to minutt frå buss og tog. «Tilsette i Kristiansand og Stavanger arrangerer faste, felles møter på biblioteket på Bryne,» seier ho.