Hjelp!

Kva er dette? Begynnelsen på ein påskekrim eller berre nokon som treng hjelp? Dersom det er begynnelsen på ein påskekrim, ser han ut til å verta uvanleg spennande. Då må det nesten vera denne påskekrimmen her. Følg med, prepare to be påskekrimmed!

Er det derimot berre nokon som treng hjelp, så er det sikkert ikkje noko å bry seg om. Folk skadar seg jo heile tida, det einaste som hjelper er plaster. Skulle du likevel vera av den typen som lir av medkjensle, kan du leita etter mannen i TV-tønna på Garborgsenteret. Lukke til!

youtube