Her er barnas ordførar

915 ungar avla si stemme på utstillinga "Høgt og fritt". Spionpartiets James Bondevik var den som hadde barnas tillit.

Spionpartiet, listeNå har barna òg fått lov til å stemma. Og barnas røyst er klar. Dei ønsker seg Spionpartiets førstekandidat James Bondevik som ordførar!

James BondevikKrymp
James Bondevik, nyvald ordførar

I Garborgsenterets utstilling i høve grunnlovsjubileet, «Høgt og fritt», som hang til mai i år, var det mogleg å stemma på uvanlege parti og uortodokse kandidatar. Me hadde laga lister over politikarar som me trudde barna ville lika – og fekk inn 915 røyster.

Ikkje verst, tatt i betraktning at dei fleste gjekk på småskulen og hadde utstillinga som sitt første møte med demokratiet.

Valresultatet vart slik:

Spionpartiet 18,9 %, Godtepartiet 17,8 %, Kosepartiet 11,7 %, Naturpartiet 10,2 %, Skurkepartiet 8,3 %, Barnepartiet 7,9 %, Dustepartiet 7,3 %, Skulepartiet 6,6 %, Handelspartiet 6,2% og Politikarpartiet 5,0 %.

Det var anledning til å kumulera dei kandidatane dei likte best, men ikkje å gje slengarar. Kommunestyret fekk følgjande samansetning:

Unn DerliKrymp
Unn Derli, Dustepartiet
Håkon DitorKrymp
Håkon Ditor, Godtepartiet

Spionpartiet, tre representantar: James Bondevik, Kalle Føter og Skummel Gibson
Godtepartiet, tre representantar: Bamse Mommsen, Håkon Ditor og Marie Kjeks
Kosepartiet, to representantar: Rosa Blom og Helle Dussen
Naturpartiet, to representantar: Mikkel Rev og Pelle Kahn
Skurkepartiet, ein representant: Palle Snekra
Barnepartiet, ein representant: Lillebjørn Olsen
Dustepartiet, ein representant: Unn Derli
Skulepartiet, ein representant: Endre Oppgaven
Handelspartiet, ein representant: Arve Rett

Me spurde Politikarpartiets lokallagsleiar og ordførarkandidat, Angela Merkelie, om kvifor dei ikkje fekk plass i kommunestyret.

Angela MerkelieKrymp
Angela Merkelie, Politikarpartiet

Politikarpartiet, liste, utan hovud«På det nåverande tidspunktet synest eg, mest på generelt grunnlag, men også litt på spesifikt, at det er noko problematisk å ha noka som helst formeining om dette. Spør meg igjen om fire år eller deromkring, då kan det henda eg vil koma med ein kommentar som i større grad inneheld eit meir eller mindre konsistensielt innhald.»

Konsistensielt innhald?

«Er du frekk? Spør meg igjen om fire år, sa eg.»

Men spennande vert det allereie nå. For kva konstellasjonar vil dette valresultatet føra til? Korleis vil det gå med det allereie betente forholdet mellom Barnepartiet og Skulepartiet, til dømes? Er Skurkepartiet i det heile tatt demokratisk? Korleis vil Naturpartiet forholda seg til Handelspartiet? Vil Godtepartiet og Barnepartiet stemma i lag i alle saker som har med barn og godt å gjera? Kan me rekna Kosepartiet til denne konstellasjonen, sjølv om ein del av Barnepartiet sine veljarar er i sterk opposisjon til kos, særleg frå gamle tanter? Spionpartiet er det ikkje så lett å lesa på førehand, dei held som vanleg sine kort tett til brystet; men me veit at dei ofte hamnar på vippen som resultat av at dei veit korleis dei andre partia har tenkt å stemma.

At dei får ordføraren verkar derimot sikkert. Anropsnummeret til calleren på ordføraren sitt skrivebord skal allereie ha blitt endra til 007.

Pelle KahnKrymp
Pelle Kahn, Naturpartiet

Naturpartiet, listeEin svakheit ved valet var at valprogramma ikkje var tilgjengeleggjort for veljarane. Men mykje seier seg sjølv. Spionpartiet er for datadirektivet, dei støttar overvåking og vil auka bevillingane til PST. Som dei seier: det er ein menneskerett å kle seg ut. Skurkepartiet, derimot, har reagert sterkt på dette med overvåking, og seier det er ei krenking av sjølvkjensla til skurkar flest. Dei meiner også at det er til hinder for at mange av medlemmane deira skal kunna utøve yrket sitt på tradisjonelt vis. Godtepartiet er for alt som er godt, særleg godteri. Dei er imot det som er vondt, særleg brokkoli, tran og fullkorn – gjerne kalla «vondskapens akse». Som dei matmomsane dei er, er dei imot moms på mat. Dei vil tilby ekstra dessert til alle som ikkje likar middagsmat. Barnepartiet kjem temmeleg sikkert til å følgja Godtepartiet si line i denne saka. Kosepartiet vektlegg verdien av mellommenneskelege relasjonar, helse og fritid. Naturpartiet kjemper for bevaring av naturen, artsmangfald og dyrevern. Dei er berre for kultur i dei tilfellene den beviseleg er naturleg. Skurkepartiet har alltid gått inn for høgare fartsgrenser, lågare tollsatsar, mindre politi og open soning i fengsel. Dei vil også opna grensene. Den venstre fløyen i partiet vil i retning av anarki, medan den høgre vil ut vindauget. Barnepartiet er for liberale leggetider, lengre friminutt, lengre feriar, to laurdagar i veka og gratis inngang til Jærmuseet. Dei vil forby sjampo, eit middel til maktovergrep. Dustepartiet brukar å vingla frå sak til sak og er generelt vanskelege å bli kloke på. Skulepartiet er for høgare løn og betre vilkår for lærarar, skattefråtrekk for matpakke med brunost og totalforbod mot teiknestiftar på stolar. Det siste punktet har fått heftig kritikk frå Barnepartiet, som trugar med sivil ulydnad dersom det blir vedtatt. Handelspartiet er for søndagsopent og null skatt på tenesteyting.

Endre OppgavenKrymp
Endre Oppgaven, Skulepartiet

Me forsøkte å ringa den nyvalde ordføraren, James Bondevik; men like før me tasta nummeret, ringte telefonen vår.

«Hei, det er Bondevik. Planla de å ringa til meg?»

Me gratulerte han med valet, men då me skulle til å spørja kven som vert varaordførar, sa han:

«Nei, det vil eg ikkje ut med.»

Skurkepartiet, utan hovudMen Garborgsenteret sit på informasjon som seier at dei planlegg å samarbeida med Skurkepartiet, og at alt ligg til rette for Palle Snekra som varaordførar. Full klårleik får me ikkje før Snekra slepp ut på prøve. Enn så lenge har han brev- og besøksforbod. (Tatt i betraktning dei alvorlege forholda Snekra sit inne for, vurderer me det dithen at det ikkje er forsvarleg å publisera bilde av han. Red. anm.)

Eit anna støtteparti kan vera Kosepartiet. Dei seier sjeldan nei til å møtast for å drøfta viktige saker over ein kopp kaffi og wienerbrød.

Førstekandidat Helle Dussen gjev klårt uttrykk for å vera glad då me tar kontakt.

«Så hyggjeleg at de ringjer. Ja, det var koseleg. Tenk at me kom inn i kommunestyret! Åh, eg vert så rørt.»

Helle DussenKrymp2
Helle Dussen, Kosepartiet

Korleis vil de bruka den moglegheita til å påverka lokalsamfunnet som de nå har fått?

«Det må me diskutera. Ja, ta ein god og lang drøs med alle som vil koma. Først klem, så drøs. Me kjem til å invitera alle dei andre partia på spleisefest til helga. Eg skal laga krumkaker etter oppskrifta til bestefar.»

Valets største overrasking, saman med det faktumet at Politikarpartiet ikkje fekk inn ein einaste representant, var at Barnepartiet berre fekk ein. Trass alt utgjorde barna nesten heile veljarmassa.

Barnepartiet, listeLillebjørn Olsen, du har vore Barnepartiet sin ordførarkandidat i dette valet, korleis forklarer du det svake valresultatet?

«Beklager, men eg får kje lov til å snakka med framande.»

Ei stund seinare vert me ringt opp av partiets talsperson.

Lillebjørn OlsenKrymp
Lillebjørn Olsen, Barnepartiet

«Hei, det er fru Olsen som ringer. Eg er mor til Lillebjørn. Han har lagt seg nå, men de kan få snakka med meg.»

Me avslår, og tar heller kontakt med Handelspartiet. Arve Rett fortel at dei allereie er i forhandlingar med dei andre partia.

«Dette vil nok dra ut, og det er me glade for.»

Kvifor likar de det?

«Me er Handelspartiet og sjølvsagt for handlingar som har med forhandlingar å gjera.»

Kven kjem de til å samarbeida mest med?

«Dei som ikkje prutar. Elles er det mange kjekke folk her, særleg dei i Dustepartiet. Dei finn ofte ikkje fram til møtelokala og det er herleg. Personleg trur eg likevel at Naturpartiet er den mest naturlege samarbeidspartneren for oss.»

Tenkjer du på noko særskilt her, herr Rett?

«Me vil gjerne selja naturen og dei vil kjøpa. Eit godt utgangspunkt for forhandlingar.»

Dette blir spennande. Garborgsenteret kjem til å følgja nøye med dei neste fire åra.