Diktar Kristin Auestad Danielsen sykla til Knudaheio som attenåring. Me tok henne med tilbake.
2015-12-16_oej108bearbWp
Kristin Auestad Danielsen er fødd i Torshavn, i 1981, men er oppvaksen på Lima utanfor Ålgård i Gjesdal kommune. Ho debuterte som lyrikar i 2005 med «Alle i Norge, i tre, i hengekøyer» og har sidan skrive «Nynorsken» og «Merk mine ord, åleinemor». Ho har også skrive fleire skodespel.

I 2007 kom Kristin Auestad Danielsen med diktsamlinga «Nynorsken». I den uttrykker ho kjærleik til språket sitt og til den litteraturen som høyrer til. I dikta kjem ho stadig tilbake til Arne Garborg og Haugtussa.

«Då eg skreiv Nynorsken var det viktig for meg å skrive om Arne Garborg, eg brukte til deg du hei og bleike myr og eg laga hylningsdikt til Arne Garborg. Eg hadde då oppdaga Steffen Kverneland sine teikneseriar om Garborg, og likte godt humoren derifrå, villskapen i kunstnarlivet, det laussluppne.»

Ho fortel:

«Eg hugsar at eg og venninna mi sykla frå Lima til Knudaheio då vi var atten. Trur vi sykla om Undheim. Det var ein lang tur til Knudaheio. Eg hugsar utsikta og det lille huset, dei hauglagde gravene og at det sto noko der. Eg kikka inn vinduet og tenkte:  Tenk, der sat han og skreiv. Eg hugsar statuen av hovudet og eg hugsar vi diskuterte om Garborg ville ha likt det, vi trur vel han hadde syns det hovudet var litt vel svært. Den sykkelturen var ei slags pilgrimsreise for å seie det litt høgtideleg, eller kanskje bare to jenter som måtte finne på noko når ein budde på bygda der det ikkje skjedde noko? At det var bra å trene litt kanskje? At vi sykla forbi Sikvaland og håpa å treffe på Roald og Jarle frå klassen på vegen kanskje?»

«Eg fordjupa meg i Fred på vidaregåande og skreiv særemne om boka. Det var tunge saker. Typisk syttenåring og ta den verste boka. Eg likar språket til Garborg. Det lærer alltid noko om språk, eg lærer nye ord.

Eg syns det er stas at Garborg har skrive eit heilt diktverk om eit ungt jenteliv. Eg syns dikta og universet han skaper er uendeleg rike.  Men stakkars jente! Tusser og troll og den førkja frå Ås som tar Jon frå henne! Dårleg ver er det og! (Anna kan ein kanskje ikkje vente seg om Jæren.) Ja, så kan ho snakke med kua eller sitje ved rokken eller sjå etter haren, men hjelpe meg for eit liv! Syns godt ho kunne fått seg ein kar til slutt, at ho fekk gull og diamantar, men neida. I siste dikt kjem ho ut på den andre sida. Men er ho død? Eller skal ho sleppe å sjå fleire spøkelser? Når eg les Haugtussa no, syns eg det liknar mykje på Faust av Goethe. Viss eg møtte Veslemøy idag hadde eg tatt ho med på kitekurs på Bore. Kanskje ho hadde møtt ein søt kiteinstruktør som ville ho alt vel i livet og lærte ho å bringe lettheit inn i bringa med litt kiting?»