Gler seg til Trette menn-marsjen

På grunn av korona går ikkje Garborgdagar 2021 av stabelen som vanleg, men Trette menn-marsjen frå Knudaheio til Bryne går sin gang.

Jarle Skjæveland frå Figgjo, litteraturglad ingeniør som nå er busett i Oslo, elskar å gå – og sommaren 2019 arrangerte han ein tur på Jæren for vennar og kjente.

«Eg kalla den Trette menn-marsjen», seier han, «fordi eg visste me kom til å bli skikkeleg slitne. Det var ein lang tur, frå Sælandsskogen og over Jæren, i tre etappar. Eg hadde Garborg i tankane, me gjekk forbi Knudaheio, stoppa og las Haugtussa undervegs.»

Foto: Jarle Skjæveland.

Sjølv om det blei Haugtussa den gongen, er Skjæveland glad i romanen Trette menn òg:

«Eg er 38 år og like gammal som hovudkarakteren Gabriel Gram. Menn på min alder kan godt assosiera seg med den boka. Rett nok er Gram ein litt depressiv kar, ikkje noko godt forbilde, snarare ein karaikatur, men det er mogleg å spegla seg i han likevel. Eg er veldig imponert over Garborg.»

Romanen Trette menn blei ein internasjonal bestseljar då den blei utgitt 1891. Den fyller altså 130 år i 2021. Du kan lesa meir om bøkene til Arne og Hulda Garborg her, og boka er å få kjøpt i Garborgsenteret sin museumsbutikk, også i ein språkmodernisert versjon.

Systera Lillian er leiar i foreininga Snakk! og sit i Garborgdagar-komiteen, og slik oppstod ideen om å arrangare ein marsj i januar. Tidspunktet, 31. januar, er ein av grunnane til at løypa blir kortare denne gongen. Marsjen startar frå diktarstova i Knudaheio og går til Bryne torg, der deltakarane får servert ein 1800-tals-inspirert lunsj frå Hemmeleg restaurant.

«Fleire barn skal vera med. Eg likar å visa at det ofte ikkje er så langt å gå som ein trur. Og eg likar å gå nye trasear kvar gong. Eg likar å ta meg tid til å gå, det gjev god mosjon og er sosialt. Og går ein åleine eit stykke, så får ein tid til å tenka. Det er òg fint.»

Målet med marsjen er klårt:

«Eg håpar alle som går skal få ei fin oppleving, at dei opplever området på ein ny måte. Årets sløyfe er nok ny for mange, også dei lokale. Me set opp små plakatar på vegen, med utdrag frå romanen. Så får alle litt litterært påfyll.»

Jarle Skjæveland. Foto: Shahrzad Malekian.

Trette menn-marsjen er allereie fullbooka. Skjæveland ser føre seg fleire, til dømes under Garborgdagar 2022. Men han vil ikkje avgrensa seg til Garborg. Det neste prosjektet er ein marsj i Finnskogen, med utgangspunkt i diktaren Hans Børli.

Foto, øvst: Jarle Skjæveland.