Garborgsenteret med filial i Stavanger

Aprilsnarren 2014

Ettersom det har tatt så lang tid å etablera eit Kiellandsenter, vil nå Jærmuseet ta ansvar og opna ein Garborgsenter-filial ved domkyrkja.

Marknadssjef i Jærmuseet, Elin Ravndal Bell, seier at ein ikkje kan venta lenger med å skapa ei motvekt til oljå og realfagstyranniet.

«Også byfolk har behov for visdom og fornuft,» seier ho. «Det er ikkje slik at mykje pengar skapar kloke tankar.»

Ho går med på at Stavanger har sin eigen diktar i Alexander Kielland, men tykkjer Garborg går siddisen ein høg gang.

«Me på Jærmuseet meiner, og det med rette, at Garborg var ein mykje større forfattar enn Kielland.» Ho legg ut om jærbuen sin forfattarskap og kor mykje større og rikare det var enn siddisen sin. «Kielland kunne jo berre ein ting,» seier Bell, «og det var å skriva banebrytande romanar på ein virtuos og nyskapande måte, som evna å endra samfunnet til det betre for alle.» Ho pustar. «Men Garborg kunne så mykje meir.»

Nyare forsking, mellom anna ein del bacheloroppgåver, tyder på at Kielland først og fremst var stor av vekst. «Han var rundt ein meter og nitti,» seier Bell, «noko som var nærast monumentalt på den tida. Dessutan vog han opp imot 140 kilo. Til skilnad var Garborg ein liten sprett på ein meter og sektsti, og forskarane stridest om han vog 59 eller 60 kilo.» Ho opnar lommeboka og tar fram nokre fotografportrett av Garborg. «Mi personlege oppfatning er at han var oppe i sekstiein eller sekstito kilo mot slutten av sitt lengste Italia-opphald. Han var svært glad i is.»

Arkitektkonkurranse er utlyst og dei første forslaga har allereie kome inn. Bell seier at dei ser føre seg noko i slekt med operaen i Oslo, ned mot Breiavatnet. «Det vil jo bli mykje mindre enn operaen sjølvsagt, men med rikeleg med plass for Garborg-formidling. Han var jo så liten, han Garborg.» Ho stryk handa varsamt over biletet. «Så søt. Me er glade for at me slepp å bygga eit Kielland-senter. Sa eg at Kielland vog 140 kilo på det meste?»

Dette utelukker visst ikkje eit Kiellandsenter i framtida, men inntil vidare skal siddisane få oppfylt sitt behov for formidling av god litteratur gjennom Garborg. «Me skal heller ikkje gløyma at Garborg var på besøk i Stavanger fleire gonger,» fortel Bell, «mellom anna kjøpte han ein iskrem av Giovanni Zazzera på torget. Det skal ha vore ein kuleis. Éi kule med jordbær og éi med sjokolade. Pistasj var ikkje populært ennå. Eg håpar Garborg-filialen plukkar opp denne tradisjonen og sel jordbær- og sjokoladeis i kafeen.»

Alexander Kielland vert ikkje heilt oversett i den nye Garborgsenter-filialen. Elin Ravndal Bell viser kor Kielland-bysten (i naturleg storleik) skal stå.