Garborgløypa

Ut i naturen og inn i litteraturen!

Nå kan du ta med deg smarttelefonen eller nettbrettet og oppleva litteraturen til Arne Garborg på ein ny måte. Ved hjelp av QR-kodar kan du oppleva over 60 scenar i og utanfor Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje, halvparten film og halvparten lydspor. Kodane som er plasserte utandørs er tilgjengelege for alle året rundt, dei inne er tilgjengelege i opningstida eller etter avtale.

Innhaldet er henta frå meisterverka Haugtussa og Fred, samt dagbøker og den sjølvbiografiske boka Knudaheibrev.

FilmplakatGarborgløypa formidlar Arne Garborg si litterære skattkiste der som ho høyrer mest heime, i landskapet som inspirerte han og som han såg føre seg når han skreiv. Tekstane vert presentert gjennom film og lydfiler av skodespelarar som representerer forfattaren sjølv, familien eller litterære superstjerner som Veslemøy og Enok Hove.

Noko av det nyskapande med Garborgløypa er at mediefilene vert knytt til den spesifikke staden der punkta står. Innhaldet i lydfilene gjenspeglar utsynet, og filmane er laga slik at figurane dukkar opp i landskapet like framfor sjåaren. Brått sit Arne Garborg på benken ved sidan av deg og snakkar, eller Veslemøy dansar på stien du går på. Landskapet utgjer ei fortsetjing av bildet på skjermen, noko som styrkar nærværet til både litteraturen.

Du får oppleva Arne Garborg sin bejubla naturlyrikk, men òg psykologisk drama, barndomsminne og skildring av Jæren og jærbuen.

Ein liten dose absurd komikk følgjer med. Garborgløypa er full av overraskingar og passar like godt for barnefamilien som for den litteratur-, kultur- eller naturinteresserte.

Sjå innslag frå TV Vest her og TV Aftenbladet her.

Karin Hodne – Veslemøy
Vegar Hoel – Enok Hove
Ørjan Zazzera Johansen- Arne Garborg

Arve Stangeland Lunde – Aadne Garborg
Else Strøm Larsen – Hulda Garborg
Eileen Nesse Pedersen – Ane Oline Garborg
Vegar Hoel – Eivind Garborg

Løypa er produsert i samarbeid med Filmavdelingen.

Rundreisa er ca. to mil lang.

Les meir om Garborgheimen og Knudaheio