Garborgdagar over, Hallgeir vann kamera

Frå Garborgdagar 2012

Fotoutstillinga

Her er vinnarbiletet. 14 år gamle Hallgeir Braut fann fram eit syltetøyglas, øydela loket, tok biletet i hagen heime med broren sitt kamera (han hadde ikkje kamera – endå) og manipulerte inn bia og lokbitane på iPaden sin. Biletet var stemt fram som vinnar av publikum, ikkje berre i klassa for dei opp til 14 år, men i heile konkurransen. Hallgeir fekk flest stemmer av alle dei 234 som var innom utstillinga og avla si stemme mellom onsdag 25.1. og laurdag 28.1.

«Ta ein trall»

Song

Garborgdagar vart opna med forestillingar av barnehageborn på Garborgsenteret/Time bibliotek. Godt gjennomført i to omgangar, med born frå ti barnehagar Garborgsenteret/Time bibliotek. Totalt 78 born deltok. Kvar forestilling varte i ein time. Garborgsenterets Inger Undheim organiserte, medan representanter frå barnehagane orkestrerte framføringa til sine eigne. Borna framførte skodespel (basert på Sigbjørn Reimes tilrettelegging for born) og song. Dei var interesserte, og det viste at dei hadde øva godt.

 

sjoelvaste web2
Arne Garborg var til stades i Torstein Tunheims gestalt, utkledd og med rekvisittar frå Undheim bygdemuseum – noko som kanskje vart FOR realistisk for einskilde, idet ein av dei spurde om han hadde stått opp or grava. 

Ikkje så lett å vera konsentrerte ein heil time. Men dei var flinke, og etterpå fekk dei saft og bollar.

Garborgstova
På kaféen Garborgstova vart det gjennom alle Garborgdagar servert ein eigen Hulda-meny. Kokken Eric Valentin hadde lese i Hulda si kokebok «Heimestell» frå 1898 for å finna gode oppskrifter. Og alt tyder på at han gjorde gode val. I fylgje dagleg leiar Plamena Valentin forsvann alt med ein gong.

Foredrag
Onsdag 25.1. møtte heile 140 menneske opp til markeringa av at det er 120 år sidan «Fred» kom ut. Romanen er kåra til ei av dei beste og viktigaste bøkene i Noreg gjennom alle tider, og Fartein Valen-Sendstad heldt foredraget «Pietismen – berre negativ?»

«Huldas etegilde»
Jærkokken Heine Grov diska opp med rettar inspirert av Huldas «Heimestell». Ein dundrande suksess med fullbooka arrangement, lang venteliste og ein kåsør i storform. Sistnemnde var Hulda-biograf og Brageprisvinnar Arnhild Skre, som etterpå uttalte at kokken Grov no hadde «sikra seg ein plass i kokkehimmelen», og ho skildra etegildet som «den råaste og mest utsøkte matfesten eg nokon gong har vore med på.»

Garborgsenterets utstillingsleiar Gunhild Hammeraas kunne konkludere med at det var «kjekt med stort engasjement frå både publikum og deltakarar. Det verka som at alle koste seg. Verkeleg. Og eg gler meg til neste år.»

Takk til alle involverte, og vel møtt igjen i 2013!
Skrive av Ørjan Johansen