Garborg-sitat på elefantbæsj

"Pengar er storkna manneblod" står det på papiret nordmannen Vilhelm Skjærpe fekk i Kenya. Garborg si innleiing i Tolstoj-boki frå 1897 og papiret er henta ifrå lokale elefantar sine etterlatenskapar.

Skjærpe, som jobbar i Media Farm, firmaet som leverer utstillinga til Garborgsenteret, vart tidlegare i sommar gjort kjend med nokre såkalla «non-profit-prosjekt» – ulike tiltak som skal hjelpa born og unge i og rundt byen Voi. Voi er ein landsby i det søraustlege Kenya, mellom kysten og Kilimanjaro (som ligg like over grensa til Tanzania). Like ved ligg ein nasjonalpark, og her finn ein mykje av råstoffet til det ein vonar skal verte ein populær eksportartikkel: papir laga av elefantmøkk.

Der ein i Noreg sendar store forureinande hogstmaskinar inn i djupe skogar vinterstid for å skaffe fiber, tek dei involverte i Voi ein snartur i nærområdet med spade og trillebår. Flokkar på opptil 30 elefantar held til i nærleiken, og etterlatenskapar er lette å finne. Ein fyller trillebårene opp med møkka, som ein tørkar og reinskar. Til slutt blandar dei i noko returpapir for å få nok stivelse. Resultatet vert eit grovt papir med tydelege restar etter strå og kvistar som elefantane har ete.

Papir_fra_elefantbsj

Mike Mwakazi overrekker teikninga til Vilhelm Skjærpe. (Foto: Garborgsenteret)

Sjølve sitatet var det Skjærpe (t.h.) som kom med, men teikninga sto Mike Mwakazi (t.v.) for. Slik fekk kenyanaren vist korleis papiret kan nyttast til å teikne og trykke på. I tillegg til papirprosjektet er Mwasaki involvert i opplæring ved hjelp av rollespel. Gjennom dette set dei fokus på aids, hygiene og forretningsdrift. Papirprosjektet inngår i det siste, i lag med brennbrikettar gjenvunne av oske frå kol. Kenya er eit fattig land. Mange år med u-hjelp har gitt små resultat, men innbyggjarane er kreative og vil skape seg ei betre framtid gjennom varer dei kan produsere og eksportere.Storkna manneblod på storkna møkk altså; men Garborgsenteret kan stadfeste at papiret ikkje luktar det minste vondt, heller godt, og at det kjennest ut som ein mellomting av vanleg papir og papp. 

Skrive av Ørjan Johansen