Garborg-husa i Innlandet

Garborgsenteret tok ein tur til Innlandet for å sjå på nokre dei stadene som var viktige i Arne og Hulda Garborg sine liv. 25. mai var me saman med Time historielag i Alvdal og Tynset, 26. mai fekk me omvising av Anno museum i Stange og Hamar.

Høgdepunktet var Kolbotn der me fekk møta Arne og Hulda Garborg sitt oldebarn, Knut Garborg.

Arven etter ekteparet Garborg er imponerande. I tillegg til dei tre musea i Time (Garborgsenteret, Garborgheimen og Knudaheio) er hytta Kolbotn i Alvdal bevart som ho var på Arne og Hulda si tid og redaksjonshuset til Fedraheimen (avisa der Arne ein periode var redaktør og Hulda journalist) står på Tynset bygdemuseum.

Landskapet på Såstad i Stange der Hulda blei fødd er langt på veg slik det ein gong var. Middelalderkyrkja ho blei fødd i ruvar ennå i det vakre landskapet ved Mjøsa. På Hamar finst fleire bygningar frå 1860-talet, mellom anna Ankervillaen og Sagatun der ho leika. Det var elevane på denne folkehøgskulen som bar dei første folkedraktene Hulda såg.

SÅSTAD

Sveip: Her ser me kyrkja Hulda blei døypt i i 1862, nabogarden på Såstad som er bevart og skal ha vore nær identisk med garden ho var fødd på, og utsikten mot Mjøsa. Kyrkja og garden ligg i Stange kommune.

HAMAR

Her ser me Ankervillaen der mor til Hulda sydde kjolar til Mix Anker og døtrene hennar. Dette foregjekk vanlegvis i stova, medan Hulda leika inne og ute. Bysten av Hulda står nede ved Mjøsa, ikkje langt frå der ho og mora budde til 1873 eller 1874. Skiltet er ein del av Lokal kvinnehistorisk vandring.

TYNSET

Sveip: Her ser me Fedraheimsstova på Tynset. Avisa blei driven av Arne Garborg, Ivar Mortensson Egnund (redaktør mesteparten av den tida avisa blei driven frå Nord-Østerdalen) og Rasmus Steinsvik med Hulda som bidragsytar. Mellom anna var det Fedraheimen som gav ut den første kokeboka på nynorsk, «Heimestell» av Hulda Garborg i 1898. Mange av oppskriftene var frå Nord-Østerdalen.

KOLBOTNEN

Sveip: Me var så heldige å bli tatt imot av Arne og Hulda sitt oldebarn, Knut Garborg, som eig hytta i dag. Han har langt på veg tatt vare på «småbruket» slik det var på 1890-talet. Kolbotnen har strandlinje til Savalen og utsikt til Tronfjell. Her budde dei store delar av 1890-talet, då Arne fekk sitt internasjonale gjennombrot og Hulda stod fram som ein av landets mest populære dramatikarar. Sonen Tuften, Knuts farfar, hadde sine første år her.

Hulda var også til stades, i formidlar Gjertrud Marie Kjølhaug Bakkeng.

Kolbotnen ligg i Tynset kommune i Nord-Østerdalen.

STRÅLSJØEN OG VESLEVANGEN

Nokre kilometer frå Kolbotnen ligg storgarden Strålberg der Hulda budde to somrar før Arne og Hulda gifta seg. Inni sommarstova spelte dei kort og drakk toddy i lag med venneflokken. Me veit at dei kom tettare på kvarandre her. Mange år seinare kjøpte Hulda hytta Veslevangen like bak garden.

STEIEN HOTEL

Dagen etter bryllaupet i 1887 forlet Arne og Hulda Kristiania til fordel for Kolbotnen. Det var iskald vinter og dei overnatta på Steien hotel ved Alvdal stasjon. Her ser me Hulda sitt rom (dei syntest det var flautt å fortelja at dei hadde gifta seg, dei som hadde budd på hotellet der før, og fekk såleis tildelt kvar sitt rom) og hotellet som det såg ut på 1800-talet. Det er nå restaurert og tatt i bruk som hotell igjen.

Me anbefaler alle Garborg-vennar å gå i Arne og Hulda sine fotspor i Innlandet. Andre spennande plassar er forutan Jæren: Tvedestrand, Asker og Oslo.

LENKER

Asker museum
Musea i Nord-Østerdalen