Frå Spielberg til Garborg

Opninga vart utsett, men arbeidet i Garborgsenteret pågår for fullt. Ein av dei som jobbar hardast, er australske Matt Gooley. Han er tilsett i Designproduksjon AS, og det trengs spesialkompetanse for å laga særeigne utstillingselement som svært skeive bokhyller, fallande foto og naturtru granitt av tre.

Me tok ein prat med kunstnaren, og fann ut at han har ein bakgrunn som sceneartist for regissørar som Steven Spielberg og Peter Jackson.

Matt Gooley ser ut som ein typisk australsk surfar. Avslappa i klesstilen, ubarbert og markert i andletet, veltrent og lettliva. Men ikkje la deg lura. Matt er kunstnar, han har sikkert ikkje rørt eit surfbrett i heile sitt liv.

«Kva tok deg til kunstverda, mr Gooley?»

«Don’t call me «mister», I’m Matt. I tell you this, studying art was awesome. I could surf all day and paint in the evening.»

«Kva? Surfa du?»

«Body boarding, dude. It’s the best thing a man can do. I love it.»

«Men du er kunstnar?»

«Whatever.»

Han ler, og fortel at han er fødd og oppvaksen i Surfer’s Paradise (by i delstaten Queensland) – der 80 prosent av ungdommane, seier han, driv med vatnsport. Som tenåring, på nittitalet, brukte han å stå opp halv fire om nettene, for å surfa på bodyboardet sitt fram til skulen begynte om morgonen. Han vart god au, fekk med seg ein bronsemedalje ifrå den australske meisterskapen.

Samstundes teikna han når han hadde tid, han hadde alltid elska å teikna; og då han var eit parogtjue vart han overtalt til å gjera noko med det. Så han søkte opptak på Queensland College of Art, og kom inn. Det var over 400 søkjarar, men berre 18 plassar; og då var karrierevegen langt på veg lagt.

Etter å ha fullført bachelorgraden på universitetet fekk han kontaktar i filmindustrien. Her fekk han vist kva han kunne. Snart var han på gigantiske filmsett, som P.J. Hogans «Peter Pan» og Peter Jacksons «Ghost Ship». Andre filmsett han har arbeidd på inkluderer «The House of Wax» med Paris Hilton, «Stealth» med Jessica Biel og «Ghost Rider» med Nicholas Cage.

Foto: privat
Matt med eit tidlegare arbeid.

Det største settet han har vore med på, var til Steven Spielbergs TV-serie «The Pacific», eit «arena-size» TV-studio, der Matt laga innandørs skog og falske fjellknausar som soldatane kunne slåst i.

Matt er det ein kallar «scenic artist», han har jobben med å lura publikum. Det er viktig å oppretthalda illusjonen av røyndom – for at sjåarane skal klara å leva seg inn i handlinga. Trur me at me ser innsida av eit middelalderslott så er det kanskje berre Matt som har vore ute med målarkosten og «pynta» på nokre sponplater i eit studio. Jobben hans er å få kva som helst til å likna på kva som helst. Til dømes har han omskapt Garborgsenteret sin døypefont frå tre til granitt.

Foto: Matt Gooley

«I have an urge to create», seier Matt, som i tillegg til å vera tilsett hjå Designproduksjon, firmaet som byggjer Garborgsenteret si utstilling, brukar tid på oljemåling. Han seier at han berre må skapa, heile tida. Det er ikkje noko han ønskjer, det er mest ei plage. Men får han får ein idé, så må det ut.

Matt møtte fotografsambuaren sin, Kine, då ho studerte i Australia. Dei flytta til Bryne, heimstaden hennar, for fire år sidan. Nå ventar dei barn nummer tri, og Matt er godt fornøgd med livet. Men han lengtar litt tilbake til Australia. «To surf, man. It’s so freezing cold here, you know. Yesterday it was summer-like, but they say it’ll snow on Saturday. It’s crazy.»

Noko av det fyrste han gjorde i Noreg, var å opna eit galleri på Klepp. Etter berre nokre månader måtte han ut. Bygget skulle omgjerast til parkeringsplass.

«Isn’t that the story about Klepp? Closing down a gallery to build a car park.»

Men kunsten har han fått utstilt fleire stader likevel, så seint som i haust hadde han og sambuaren utstilling på Forum Jæren.

Kva tykkjer han så om det å jobba med utstillinga til Garborgsenteret?

«Amazing, dude. It’s just a few minutes walk from home.»

Han ler.

«Just kidding. The true reason I like it here is the marvellous baguettes you can get downstairs [i Garborgstova]».

Matt har laga mykje av det beste på Garborgsenteret, men sjølv er han mest stolt av bokhylla – Noregs tøffaste, og skeivaste. Han seier han har lært mykje om snekring den tida han har vore I Noreg. Før var han fyrst og fremst målar, nå er han i stand til å laga det meste av det det er mogleg å bruka trevirke til.

Han har rekt å vera med på å laga norske filmar au, som «Få meg på, for faen» og «Kompani Orheim».

Foto: privat
Matt har treft mange celebritetar på filmsetta. Her med dansknorske Gonzo Johnsen.

Men så lurer me på om han har lese Garborg?

«Sure. Haven’t all?

Det visar seg at dei las diktet «Haust» på norskkurset han tok då han kom til Noreg.

«A difficult poem», seier han, «my course was in bokmål, and this poem is in what? Ancient nynorsk?»

Men då han får vita at Garborg finst oversett til engelsk au, vert han glad.

«I’ll get a copy. I promise you. I’m sure he’s good.»

«Hulda då?»

«Who’ll da?»

Sjå meir av Matt sin kunst hjå Procreart.

Skrive av Ørjan Johansen