Maria Schei er ikkje berre namnet på ein av dei mest tradisjonsrike butikkane i byen, det er også namnet til mormor til Mari. Det var mormora som grunnla butikken, allereie i 1940, då som manufakturforretning. Framleis er det stoff og trådar som møtar ein når ein opnar døra, men den verkelege skattkista ligg lenger inne i lokalet.
– Du er heldig no, seier Mari. – Det er ikkje mange menn som slepp inn hit.
Eg har fått lov til å setje mine bein i brudeavdelinga. Kjolane Mari jobbar med heng på rekkje og rad inntil veggen. Men kva er det eg ser? Kan det vere? Er det ikkje? Jau visst! Ho ho! På bordet midt i rommet, blant pyntegjenstandar som høyrer heime i ei brudeavdeling, ligg ei bok – oppslått – med eit bilete av Arne Garborg på den venstre sida.
Eg klukkar lukkeleg. Eg lyfter boka og ser på framsida, og kva slags bok er det? Er det ikkje? Å, jau! Det er ei bok om Hulda Garborg, Om Hulda og heimen.
Eg klukkar endå lukkelegare.
Mari, som jo veit eg kjem ifrå Garborgsenteret, seier:
– Eg trong inspirasjon.
Ho har fått i oppdrag å lage 20 kostymar. Koret åleine treng tolv, dansarane sju, og i tillegg lagar ho kostymet til ein av hovudrollene i spelet, stjernesopranen Rita Heigre.
– Koss får du tid til alt det? spør eg.
– Eg får ikkje tid, seier Mari. – Mor må hjelpe meg. Ho jobbar på dugnad ute i butikken, så eg kan vere her inne og sy.
Ho rettar litt på kjolen til Heigre, den må helst vere ferdig i løpet av dagen.
Eg set meg ned. Eg ser meg omkring. Så det er i slike rom gifteklare kvinner svinsar og svansar med roser i håret og flagrande kjolar, medan modelisten triksar og fiksar medan nåla stikk ut mellom leppene og tråden blafrar mellom fingrane .
– Kanskje eg skal bli brud?
– Hæ? seier Mari.
Faen. Sa eg det høgt? Eg ror meg kjapt i land med å stille febrilske spørsmål. Som kor har du utdanninga ifrå? Kva heiter skulen? Kor lenge var du der? Var det interessant? Kven er kundane dine? Likar du også mjølkesjokolade?
Eg får vite at Mari er utdanna modelist og designar. Ho gjekk på ein skule som heiter ESMOD, i Oslo og i Paris. Ho overtok butikken for halvanna år sidan, og det har gått over all forventning. Kundane strøymer på, trass i at reklamen for det meste er avgrensa til jungeltelegrafen.
Mari driv mest på med brudekjolar, samt klede til brudas mor og forlovar. Haugtussa-vandringa er slik sett ikkje berre er eit stort oppdrag for henne, men også ei ny utfordring. Ho brukar ikkje å laga kostymar til teater, og dette skal jamvel foregå utandørs, i naturen, i høgt gras. Og ikkje er regn og vind noko ukjent septemberfenomen på Jæren heller. Difor er Mari spent på korleis det går på prøvane i Knudaheio. Ho har måtta ta hensyn til at kjolane skal ligge fint også i vinden, og dei må vere lette å gå med i graset sjølv om dei vert regntunge. Ho har lagt spilar på innsida for å stabilisera dei. Ho rettar litt på sopranen sin kjole, det var den ho haldt på å arbeide med då eg kom og forstyrra henne.
Det er på tide å late henne vere i fred. Ho har mykje å gjere. Eg går, men ikkje utan ein liten brudevals (eller var det tango, eg har aldri skjøna forskjellen) i døropninga. Så rettar eg meg opp og går hjulbeint nedover Storgata.
Om Mari lika mjølkesjokolade fekk eg aldri svar på, men det er då heller ikkje interessant. Sjølv tykkjer eg at Helnøtt er den beste.
*
Her er Mari si heimeside: http://mariaschei.no
Skrive av Ørjan Johansen