Noko overraska vart ho nok då Garborgsenteret venta med bokgåve og NRK med kamera og mikrofon, men blid og sjarmerande svarte ho på alle spørsmåla før ho spent fekk gå inn i utstillinga (sjå innslaget her).
Det er nå elleve år sidan idéen om eit Garborgsenter vart lansert, det var under Arne Garborg sitt 150-årsjubileum. Dei siste to åra er skuta blitt styrt av Inger Undheim. Og i dag kunne ho lukkeleg konstatere at prosjektet var vanntett, at dei hadde styrt klar av skjera, og at resultatet skapte fascinasjon hjå alle gjestene. Undheim var naturlegvis strålande fornøgd: “Så stas å sleppa folk til, la dei leika og kosa seg. Alt frå dei små til dei eldre.”
Garborgsenteret si offisielle opningsmarkering står i september, men du må gjerne koma på besøk nå i sommar!
Her kan du lesa Stavanger Aftenblad sin artikkel om opninga.
Skrive av Ørjan Johansen