Filosofen i havgapet

Maria Mjaaland Sele kjem, som namnet seier, frå Sele i Klepp, med Nordsjøen som nærmaste nabo. Fødd jærbu, altså, i 1989, og europear blei ho i 2009, då ho drog til England for å studera. Ni år seinare hadde ho doktorgrad i filosofi, og delar av 2021 har ho brukt på å nærlesa Arne Garborg sin roman Trette menn for å finna ut korleis jærdiktaren var som filosof.

Sjølv om ho vaks opp på ein gard, der gaardsarbeid sjølvsagt var det sentrale, var Maria tidleg oppteken av kunst. Ho ber framleis stolt tittelen «Prima Ballerina» etter ein 12-årig ballettkarriere frå barndommen. Då ho blei eldre, retta ho fokus mot song og musikk – og ho kan framleis spela litt gitar og piano, sjølv om hun ikkje lenger har tolmod til nokre av delane. Ho er nummer to i ei rekke av fire søsken.

«Men eg likar å seia at eg er eldst, eg er berre ikkje fødd først», ler ho.

Ho har tatt oss med til havgapet sitt, til Sele, familiehytte ved steinstranda – og Mariabu, den perfekte tenkestaden for ein filosof, der ho skreiv store delar av doktorgraden sin. «Eg har alltid hatt eit spesielt forhold til jærstrendene, og har flykta ned til hytta.»

Det var farfarens bror som bygde den, og når han døydde gjekk hytta tilbake til garden.

«Ho er vel ekstra spesiell for meg, for rett ved sida av hovedhytta står Mariabu. Eg og pappa restaurerte henne, og etter det blei ho heitande Mariabu. Det blei ein plass eg har tilbrakt mange timar.»

Store delar av doktoroppgåva hennar blei skriven der, på post-its som fremdeles henger på veggane.

«Heilt sidan eg var lita har eg alltid spurd og gravd og lurt på alt mellom himmel og jord – til mine foreldre og lærarar sin skrekk. Eit vanleg svar var aldri nok for meg, eg måtte finna ut kvifor og korleis og koma meg under huda på alt. Og då eg gjekk musikklinja på vidaregåande blei eg introduserte for musikkfilosofi. Brått blei mine to store interessar samla – i å tenka og forska på musikk.»

Etter å ha fullført vidaregåande på Lundehaugen i Sandnes, drog ho til England for å studera filosofi og estetikk.

«Farfar sa alltid at han ikkje skjøna kvifor eg plent skulle vera på den andre sida av vatnet. Men sjølve draiven min er å finna ut av ting, anten det er korleis en bilmotor verkar eller korleis me kan utrykka kjensler.»

Ho tok bachelor, mastergrad, og til slutt doktorgrad ved The University of Southampton.

«Ein kan vel seia at eg forska på korleis musikk påverkar oss. Korleis me høyrer, opplever og forstår musikk. Filosofi er liksom det feltet kor ein kan bruka timar på tenka, forska og finna ut av ting. Ikkje berre vitenskapelege ting, men alle ting! Om kunst, forståing, om menneskesinnet. Det er interessant, dét!»

Vel heime begynte ho å lesa Arne Garborg. Ho vart interessert i den store forfattaren og tenkaren som kom frå Jæren, som henne sjølv, og blei ekstra inspirert då ho besøkte Garborgsenteret. Her fekk ho òg eit tips om den filosofiske romanen Trette menn.

«Det tok berre to sider før jeg følte at eg og Arne hadde hatt mye å snakke om. Og då var det gjort. Eg har lese Trette menn 30-40 gonger nå. Det går i Garborg-sitat heime.»

Ho ler igjen. Ho er gift og busett i Stavanger med ein arkeolog.

«Det finst fleire måtar å vera filosof på. Eg skil ofte mellom akademisk og praktisk filosofi. Når me høyrer eller les om filosofi, er det gjerne den akademiske typen me tenker på, slikt som professorar held på med. Denne typen filosofi har lite med «å henta steidn, koga eple eller stedla mæ dyrå» å gjera. Arne Garborg, derimot, var ein praktiserande filosof. Gjennom bøkene sine prøver han, som Sokrates, å rettleia og hjelpa andre menneske.»

Onsdag 24. november kl. 19 held Maria Mjaaland Sele foredrag på Garborgsenteret om Arne Garborg som filosof. Det blir spennande! Det blir også ei fin markering for Trette menn, som kom ut for 130 år sidan.