Fattige barn i verdas rikaste land

I januar opna Garborgsenteret utstillinga «Veksa opp i verdas rikaste land». Me låner henne av Barnemuseet i Stavanger, men har tilpassa innhaldet til Jæren med hjelp av elevar frå Bryne vidaregåande skule. I april i år kunngjorde kulturminister Abid Raja at Verdas rikaste land-utstillinga fekk prisen «MOT i museet». Me er stolte av å kunna visa henne fram, først og fremst fordi ho uttrykker ein bodskap alle bør kjenna til og gjera seg opp ei meining om.

«Verdas rikaste land» viser korleis det kan kjennast for ungdommar å tilhøyra familiar «med vedvarande låginntekt». Dette offisielle omgrepet er ei omskriving av fattige i rike land, det vil seia dei som tener mindre enn seksti prosent av medianinntekta der dei bur. I Noreg betyr dette ei inntekt etter skatt rundt 320 000, med justeringar etter familiens storleik. Barna som veks opp i desse familiane har ikkje råd til å vera med på det same som klassekameratane, med den følgja at dei skammar seg, kjedar seg, trekk seg unna eller blir utagerande, gjer det dårlegare på skulen og blir oftare enn andre ei byrde for samfunnet.

«Det var ein i klassen som spurde «kvifor får du ikkje mjølk?» Eg svarte berre «veit ikkje».» Sahra, Verdas rikaste land

Talet på barn under 18 år som veks opp i familiar med vedvarande låginntekt aukar kraftig, både på Jæren og i Noreg. Dei nyaste tala frå Statistisk sentralbyrå gjeld for 2019, og desse viser ei urovekkande utvikling. På fem år, frå 2014, har talet fattige stige frå 729 til 1169 i Time, Klepp og Hå. I Time er talet fordobla på fem år! I 2014 gjaldt det 184 barn og unge, mot 386 i 2019. I Klepp har talet stige frå 246 til 370 og i Hå frå 299 til 413. Rundt 9 prosent av barna i desse jærkommunane er ramma, mot over 11 prosent på landsbasis.

Mykje tyder på at dette talet har auka ytterlegare det siste året, kanskje dramatisk, for regionen vår. Stavanger Aftenblad kunne den 19. mai fortelja at nesten dobbelt så mange rogalendingar mangla pengar til mat i 2020 enn året før. Fakta om utviklinga av den vedvarande barnefattigdommen får me om to år når Statistisk sentralbyrå kjem med tal for 2021.

«Dagen etterpå hadde eg på meg dei same kleda som dagen før. Det var jo heilt feil. Alt blei jo feil.» Silje, Verdas rikaste land

Ringverknadane er store. Ungdommane har alle statistikkar imot seg. Veks du opp i ein familie med få ressursar er sjansen stor for at du sjølv endar opp slik som vaksen. Fattigdom går i arv, også i verdas rikaste land der me i teorien skulle ha like moglegheiter. Barn i låginntekstfamiliar får mindre oppfølging i heimen, mindre stimulanse utanfrå og utviklar seg seinare. Er du mellom dei siste i klassen til å læra å lesa, er du allereie i ferd med å få ei utfordring for livet.

«Det er ingen i gjengen min som har pengar, så då blir det fort til at me stel. For me vil jo òg ha det som alle ungdommar har.» Leo, Verdas rikaste land

Det kjennest for ein tenåring å ikkje kunna gå på kino saman med dei andre, ikkje driva med fritidsaktivitetar, vera med på klassetur, reisa på skitur eller ferie, gå med gilde klede. Mange trekk seg unna det sosiale livet fordi det er for ubehageleg å bli identifisert som «fattig». Skamma styrker mindreverdigheitskjensla. Dei vondaste spørsmåla kan vera dei som får andre til å lysa opp: «Kva fekk du til jul?» «Kor var du på ferie?» «Kva synst du om den siste Marvel-filmen?»

Korleis det følast å vera utanfor? Ungdommane sine forteljingar får du på Garborgsenteret.

«Eg føler at eg går rundt med hundre kilo på meg. Det er så tungt.» Silje, Verdas rikaste land

At dei som skammar seg trekk seg unna eller blir utagerande, er menneskeleg. Det er slik me er laga. Veks du opp i ein fattig familie aukar sjansen for dårleg mental helse og kriminalitet. 27. mai publiserte FHI ein studie som syner at barna til dei med lågast inntekt har tre til fire gonger så høg sannsynlegheit for å bli diagnostisert med psykiske lidingar, og at gutane kjem dårlegare ut av det enn jentene.

Dette kostar ikkje berre livskvalitet for alle det gjeld, men det kostar også samfunnet store pengar. På toppen av alt går me glipp av mange evnerike menneske som kunne ha bidratt til samfunnet på ulike måtar. Det er viktig å minna om at skilnaden mellom fattig og rik berre handlar om kva me eig, ikkje kva me kan.

Å visa fram samfunnets skuggesider var eit av poenga med den naturalistiske kulturstrøyminga Arne Garborg var ein del av. I bøker og avisartiklar fokuserte han og andre på samfunnet sine problem, for slik å tvinga dei med makt og ressursar til å gjera noko med det. «Veksa opp i verdas rikaste land» er ei utstilling i hans ånd.


Denne teksten blei først publisert på jbl.no 4.6.21.