Haugtussa 120 år: «Eit meisterverk på verseføter»

Sigbjørn Reime (f. 1945) er forfattar og mangeårig Garborg-formidlar i Time kommune. Han har modernisert språket i fleire av Arne Garborg sine bøker, mellom dei Haugtussa i 2006. I 2012 kom barneboka Då Arne Garborg var liten. I artikkelen "Haugtussa - eit meisterverk på verseføter" skriv han om det særmerkte ved diktverket som i år fyller 120 år.

Den første veka i mai 1895 møtte norske lesarar for første gong ei ungjente som skulle bli ein av dei mest kjende personane i norsk litteratur til alle tider. Då kom den nye boka til Arne Garborg ut på Aschehoug Forlag i Christiania. Boka heitte Haugtussaforteljing. Garborg var eit namn mange hadde meiningar om, og det var både på godt og vondt. Han hadde i årevis gjennom bøker og avispolemikk lagt seg ut med både den eine og den andre, helst dei store og mektige, og han var god til det. Derfor vart nye bøker etterkvart imøtesette med så vel forventning som skepsis, så også denne gongen.

Forma på den nye boka var òg uvanleg, sidan Garborg var mest kjent for romanane sine. Rett nok hadde han skrive dikt før, mellom andre det som eigentleg var gjennombrotet hans som lyrikar, fedrelandssongen «Gud signe Noregs land», som han hadde publisert i bladet Fedraheimen så tidleg som i 1878. Då var han bare 27 år.

Men dette var altså ei heil bok med bare dikt, dikt i mange fasongar, storleikar og på vekslande verseføter. Boka inneheldt ei vakker, men vond kjærleikshistorie; men innhaldet elles var mildt sagt noko meir spesielt: Det var nemleg «ei bok om tussar og huldrer, raggetroll og nasegygrer, daudingar som grafsar etter bein, haugkallar på danselag inni djupaste fjellheimen, talande trerøter, spøkelse og småsporv og kattar og dansande tre! Om øyar som søkk i havet. Om vår og sommar, menneske som blir til dyr i jula, og om hauststormar som uler!», for å sitera Arild Linneberg, mannen som har skrive ei av dei lengste litterære doktorgradsavhandlingane i norsk historie om nettopp Haugtussa.

Det politiske uteblei forresten ikkje i Haugtussa heller; der den tidlause ironien over samfunn og menneske var – og er – beisk, bitande, og briljant. 

Haugtussa Haukland 01webNamnet Haugtussa er Garborg sitt eige ord, sett saman av stavingar frå orda haug-folk og tussa-r.   I tillegg til tittelen hadde boka ein undertittel: – forteljing. Den hadde han òg brukt tre år tidlegare i storverket Fred. Diktaren tok vekk undertittelen i seinare utgåver, som det etter kvart skulle bli mange av. Alt same året kom nemleg boka i nytt opplag, og Haugtussa er i dag den Garborgboka som har kome i flest opplag, godt over tjue til nå. Boka vart på vanleg Garborgvis endra og flikka på etter kvart som ho kom ut i nye opplag og diktaren hadde kome på andre tankar.

«I de siste dager har jeg vært nedsunket i en høyst eiendommelig lyrikk: det er en nettopp utkommet bok på landsmål av Arne Garborg, Haugtussa. Det er en helt genial bok, hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver kun å skrive den ned.» Slik skreiv Edvard Grieg etter å ha lese Haugtussa, og me veit alle kva den geniale boka gjorde med han.

Eg trur denne «høyst eiendommelige» lyrikken har gjort og gjer mykje med mange andre òg: Det er ikkje mange verk i den norske bokheimen som har vore så slitesterke og mykje brukte til så mangt som Haugtussa. Boka har i tillegg greidd det svært få bøker av dette formatet oppnår: Å verta både kritikarrost og allemannseige. I slutten av 1890-åra vart ho nemleg kåra til «Århundrets diktverk» av kritikarane. Det var velfortent, for særleg større skrivekunst har me knapt hatt korkje før eller sidan i bokheimen vår.

Forteljinga om Veslemøy består opphavleg av ei samling på over 90 dikt av varierande storleik og form, der innhaldet har bakgrunnen sin i det eldre og meir ekte jærske bondesamfunnet med sitt religiøse liv som var bygt på restar av både det eine og det andre. Heidenskap, overtru og eventyr med dei magiske tala 3 og 12 og krevjande prøvingar vert fort synlege. Det same gjer den kristne grunnfestinga, denne gongen basert på ei sunn og trygg og oppbyggeleg gudstru, og ikkje den sjuklege, destruktive og feilslegne villfaringa han hadde skildra i Fred tre år før.

Verket opnar imidlertid jordnært nok med ei hylling til Jæren på elleve vers – i tre deler:

Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad
Der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad

Kvadet er historia om landet, om naturen, fuglar og dyr, om nedbrytande og oppbyggelege krefter, om overtru og tru, og om menneska i alt dette; mellom dei òg far hans:

Eg kjenner deg, eg kjenner deg, som ikkje vann
Eg såg din strid, eg veit din veg, i skuggeland

Opningskvadet er eigentleg eit samandrag av heile verket, både kva det skal handla om, og korleis me kan lesa og forstå det. Det presenterer i tillegg det sentrale motivet: Gjennom fleire rundar viser det oss ein livssyklus om mennesket sin kamp for tilveret, der byggjande og nedbrytande krefter – i verket «troll» og «ånd» står mot kvarandre i ein stigande kurve som i ein spiral. Denne konstante kampen mellom det vonde og det gode finn me òg i Garborg sitt livssyn. Eit sterkt sidemotiv er det som gjennom åra kanskje har gripe flest lesarar: Sviket – dette tidlaust vonde som finst alt i Mosebøkene, og som me alle og i alle aldrar kan identifisera oss med.

Haugtussa er delt i tolv kapittel, alle med overskrifter. I tillegg har kvart enkeltdikt ein eigen tittel. Innhaldet i tekstane er, som diktaren har antyda, ei usalig blanding av alt frå vakre og vare naturskildringar, gjenkjenneleg realisme og fri fantasi, folklore med gåter, rim og regler, verseføter som blant mykje anna leiar tankane til norrøn dikting, Bibel, tru og overtru, eventyr og magi, draumar og tankespinn, men òg alvorlege feberfantasiar og maredraumar; avsindige og til dels psykotiske vrangførestillingar.

Persongalleriet er både av denne verda og av ei verd mange av oss tenkjer me er mindre bevandra i, men der me nok om me vil vera heilt ærlege må vedgå at me kjenner igjen forbausande mange av aktørane, og iallfall det dei driv på med. Hovudpersonen oppheld seg ut frå skiftande føresetnader i begge verdenar. Og me fylgjer heilt uanstrengt med henne – også inn i det ukjende. Er det fordi det kanskje ikkje er så ukjent likevel?

Kva er det så diktaren eigentleg vil seia oss med denne mildt sagt fantastiske forteljinga frå verd og underverd? Er det bare ei vakker kjærleikshistorie som endar galt, og som fører til sjukdom, med påfølgjande utrulege og uverkelege møte og opplevingar i ei fullstendig vanvitig og til dels psykotisk og kolmørk fantasiverd, og som kan vera underhaldande nok i all sin geniale forteljekunst og galskap, men som ikkje er særleg meir enn det?

Truleg ikkje. Veslemøy sine opplevingar, reelle eller irrasjonelle og i kva verd det måtte vera, handlar eigentleg om noko svært nært; nemleg om oss sjølve. Mon om det ikkje er derfor at så mykje i dette merkelege universet verkar så kjent? For «den andre verda» Veslemøy ser inn i og til tider er i er eigentleg ikkje anna enn vårt eige menneskelege spegelbilete. Trolla ho møter i alle slags former og fasongar viser oss korleis me kan framstå i våre mangfaldige og ofte lite flatterande forkledningar og rollar. Så når me får sjå og vita kva og kven trolla er, får me samstundes vita kven me sjølv er. Det vert dermed noko tidlaust over det Veslemøy opplever, i kva tid eller verd det enn måtta finna stad.

Det som gjer Veslemøy annleis er ikkje bare at ho er synsk og dermed litt spesiell; det er vel så mykje hennar evne til å sjå sanninga, og ta lærdom av og avstand frå det negative ho opplever. Klokskapen og tryggleiken ho viser gjennom kampen sin vert eit føredøme for oss alle; for utfordringane ho kjempar mot kunne like gjerne vore våre. Men Veslemøy vil ikkje vera ein av dei som vel lettvinte løysingar eller minste motstands veg. Ho vil heller ikkje vera ein som diltar tanketomt og ukritisk med, utan motførestellingar eller motsegner, eller ein av dei som ikkje stiller spørsmål, og som alltid må tilhøyra fleirtalet og gå i takt med det. Ho vil ikkje vera ein av dei som for ein kvar pris må vera inne med «dei rette», ein av dei som let seg lura og sel sjela si for kva inkjevetta som helst, eller ein av dei som fylgjer bjøllesauen blindt om det så ber like utfor stupet og rett i fortapinga, materielt så vel som åndeleg.

Haugtussa 120 årFor Veslemøy er livet med sin ukrenkelege integritet for dyrebart til å bli misbrukt på fånyttige og kortsiktige løysingar og val. «Troll» er jo så mangt, og me møter dei nær sagt dagleg med sine mangslungne tilbod, sjølv om det stort sett er «same mølet i ny innpakking». Og likevel bit me på. Enkelte av oss lærer kanskje av feila sine, andre ikkje. Andre sine feil lærer dei færraste av oss noko av.

Det er like tidlaust som det er enkelt: Verda vil bedragast, og den menneskelege dårskapen og kynismen er utan ende. Derfor kan dei som går «blinde og dauve» bli lette bytte for alle slags troll – til alle tider. Med åra burde me truleg blitt litt meir vaktsame. At me ikkje i større grad er det, er eigentleg tankevekkjande, sidan det kan vera eit resultat av mangel på gode og trygge knaggar og retning i liva våre. Me treng normer, og me treng sunne og gode felles haldningar for å fungera godt og trygt saman. Når normer vert relative eller individuelle kan mange fort mista både fotfestet og retningssansen.

Forteljinga om Veslemøy er ikkje bare natur- og folkelivsbilete: Ho er eit symbol, eit teikn på den åndelege og moralske krafta som Garborg trudde på; draginga mot det gode og sanne, og at «ånd må vinna på troll til sist, og vit på den varge villskap» [1]. Veslemøy har religionen i seg som eit naturleg instinkt, som sjela si eiga sjølvopphaldsdrift. Kampen hennar mot det vonde, mot mørket, mot trolla og den overveldande naturmakta er kanskje verkeleg nok i verket, men det heile er samtidig eit tidlaust bilete, òg eit bilete på diktaren sin eigen kamp med byggjande og nedbrytande krefter; «troll og ånd». Det er vår kamp òg, anten me er klare over det eller ei.

Det jordnære som er vist gjennom kjærleikssviket og sorga over det som Veslemøy slit seg gjennom og som held på å knekka henne, kan dessverre vera like aktuelt i dag, og viser m. a. alt for ofte igjen på den høge sjølvdrapsstatikken vår. Derfor og dermed burde forteljinga om Veslemøy si reise gjennom kjærleik og sorg, sunnheit og sjukdom, draumar og syner, verkelegheit og fantasi i ei verd blant menneske og ei underverd blant tussar og troll til alle tider ha noko viktig å minna oss på: Me må vita å velja vegane våre, for det er ikkje alle som greier å betala når prisen på erfaringane vert for høg.

Me høyrde tidlegare om kor begeistra Edvard Grieg var for teksten i Haugtussa. I eit brev til Grieg, datert 7. november 1899, var det Garborg sin tur: Etter å ha høyrt Eva Nansen [2] og Agathe Backer Grøndahl [3] framføra songsyklusen skriv han i det som for han er uvanleg oppstemte ordelag: «Nu har jeg endelig fått høre Haugtussasangene ordentlig, og jeg er blitt så glad i dem, mer enn jeg kan si. Det er nettopp dette dype, bløte, dempede, denne underjordiske musikken, som jeg på min vis søkte å få inn i ord og vers, men som De har fanget. Og så plutselig igjen tindrende, strålende sol og sommerfryd, som i den velsignede killingdansen. Men noe av det meste betagende er bekken. Ja, jeg er så glad og kry, rent utillatelig kry, fordi De kunne bruke disse versene. Takk!»

Men det er me som skal takka. Takka diktaren som gav oss noko av det absolutt vakraste av ordkunstog livsvisdom me har i den norske bokheimen. Det viser ikkje minst igjen i alt det dette storverket gjennom åra har inspirert til og blitt brukt til gjennom andre kunstuttrykk, og det at teksten stadig er i bruk av så mange.

Så les Haugtussa du òg – og bli klokare! For den som les mykje, veit meir.

 

Sigbjørn Reime

 


[1] Frå «Strid for fred».
[2] Eva (Helene) Nansen (f. Sars) (1858-1907) – mezzosopran (g. m. F. Nansen 1889). Debuterte i 1881. Populær romanse-songar i heile Norden.
[3] Agathe (Ursula) Backer Grøndahl (1847-1907) – norsk pianist og komponist.


Artikkelen er illustrert med foto frå Knudaheio, tatt av Asle Haukland.