Du nabne!

Aadne Sæland passa Garborg si diktarstove, Knudaheio i Time på Jæren, om vintrane då diktaren heldt seg heime i Labråten i Asker. Arne og Aadne vart godt kjende, og korresponderte om det som måtte gjerast i og rundt diktarstova.

Og plutseleg var me på Garborgsenteret så ubeskriveleg heldige som fekk besøk av tilsynsmannen sin son, Einar. Han hadde med seg ei bunke brev som diktaren hadde skrive til Aadne Sæland.

Einar Sæland kom med ei bunke spennande brev. Då vart det breie smil hos Inger Undheim, Garborgsenterets avdelingsdirektør.

Som skikken var på den tida, kalla Aadne og Aadne (som Garborg heitte til han skifta namn på 1870-talet) einannan «namne», eller «nabne» på jærdialekten. Og Garborg, som heldt fram med å kalla seg Aadne overfor folk på heimtraktene Jæren, begynner likså godt fleire av breva til Aadne Sæland på denne måten. I eit brev som er datert 11.6.21 begynner den distré diktaren slik:

«Du nabne!
Det brevet du sende meg den 2/5, det hev eg vel svart paa? Men eg vart uroleg i dag, daa eg fann det paa den staden der dei brevi plar liggja som eg skal svara paa. Og noko er det som kann ha gjort at det hev vorte liggjande; eg hev kanskje ikkje vore fullstø paa, kva tid eg kunde koma. Eg fær daa i alle fall gje greia paa det no, daa eg sjølv endeleg hev greia paa det. Eller rettare: hev greia paa naar eg ikkje kjem.»

Andre brev handla om konkrete og til dels alvorlege ting:

«Du Aadne Sæland!
Mange takk for brev. Men det er rart, det Du fortel meg. At Røyslandsfolket er flutt kan vera rimelegt nok. Men kven er det som hev leigt huset burt til andre meg uspurt? Det kan eg nok undrast på. Det som visst er, at dei ingen rett hev til å vera der; og når dei dertil gjer det ufjelgt ikring huset, som Du fortel, so gjeld det å få dei ut di fyrr di heller. Eg vil då beda Deg greia med dette so fort Du kann; Du hev fullmakt til å segja dei ut straks. Sjølv ventar eg meg der burt ein av dei fyrste dagane i Juli.
Det hev vore noko skralt med meg i vinter; og no ligg eg her i helseheimen på Furuly og laugar meg og «lever etter uppskrift». Og eg skal visst snart vera i orden att.
Mange takk og helsing
Ådne Garborg»

2014-22-09_oej021bearbWeb.JPGDette brevet kommenterer Garborg i dagboka si: «Bjerkreimsbuen er flutt; men ein annan med Kjering og 2 Ungar er flutt inn (reint villt?); og no ser der ille ruske ut ikring Huse. Eg skriv og bed han drive denne framande Fyren ut; men korleis det kann verte å koma «heim att» no, det er vel meir uvisst!» (Dagbok 1905-1923, bind 6)

Mellom breva sonen Einar Sæland hadde med seg, var eit av dei siste Arne Garborg skreiv, datert vesle julaftan 1923, rundt tre veker før diktarens død. 31. januar 1924 var det Hulda Garborg som svarte:

«Mange takk for brev og for all hjelp De har gjort Garborg derburte. Han nemnde Dykk so ofte, og var glad ved aa vita at De tok dykk av det stakars vesle huset i Knudaheibakken. Når det lid paa fær eg faa tala meir med Dykk um alt derburte. Eg er lite frisk no – laag i sterk influenza daa Garborg vart sjuk – og fær ikkje greidd meir enn det daglege som melder seg enno – gjeng i ring og her og lyer og lyer etter han som alltid sat derinne i romet sitt og var god aa finne – det er som alt er lagt i gravi med han.»

Seinare valde Hulda å ta med eitt av dei breva som Sæland sende andre vegen i førsteutgåva av Arne Garborg si dagbok.

At Arne Garborg heldt Aadne Sæland høgt i hevd, kjem tydeleg fram i dagboka hans. Han nemner både Aadne og broren Sem fleire gonger. Han skriv mellom anna: «… namnen min, han Aadne Sæland, er emne til ein hovding, bondeførar, slik som vår tid krev dei» (Knudaheidagbok, 23.8.11) og «Gjesta Aadne Sæland igår. Det er ein grei og og hyggjeleg Kar, som eg kjem godt til Lags med. Og ein «gjæv norsk Bonde» hev han i alle Måtar Rett til å bli kalla; (…) og ikkje berre er han ein (altfor-) mykje nytta Heradsstyringsmann; han sit og inne med både kunnskap og Tankar» ((Dagbok 1905-1923, bind 6).

Du kan lesa meir om den framgangsrike Sæland-familien gjennom Aadne sine to brør, professor Sem Sæland og statskonsulent Jon Sæland.


arne-garborg.jpg

Eit par av breva er tatt med i brevsamlingane Mogning og manndom (1954) og Brev (2001).