Der draumar sviv

Haugtussa i nye tonar av Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan

«Eg har alibi», ler Jorunn Undheim. Det er nemleg ikkje vanleg at unge menneske forelskar seg i litteraturen til Arne Garborg, ho kjenner nesten at ho må koma med ei forklaring. Alibiet er temmeleg godt òg. Ho er oppvaksen på Undheim, sjølvsagt, jamvel på Knudaheio. Garborg si skrivestove ligg i marka til garden ho vaks opp på. Kyrne som somme gonger voktar inngangen til skrivestova og helsar oss hyggeleg når me kjem på besøk til diktaren, tilhøyrer familien hennar. Det Undheim kanskje ikkje veit, er at turistane gjerne blir like fascinerte av levande husdyr som av diktarens eigen hage. Særleg oslofolk elskar å ta bilde av kyrne. Då passar det jo godt at eit av dikta i Haugtussa heiter Kulokk.

Undheim sjølv brukte litt tid på å bli fascinert av diktaren. Det var ikkje familien si skuld. Ho seier at Garborg blei trekt fram og sitert kvar einaste gong det var selskap og festlegheitar. Men det først som vaksen ho sjølv fann fram til Garborg, og då var det Haugtussa som trefte henne, i hovudsak kjærleikshistoria. «Det finst så mange lag i Haugtussa», seier ho, «det bør ikkje vera vanskeleg å finna noko som fenger alle». Saman med sambuaren, musikaren og komponisten Bjørge Verbaan, begynte ho å leika litt med Garborg sine dikt. Dei tok ein song om gongen, men prosjektet vaks fort. Dei såg potensialet i testane og den kreative raptusen dabba ikkje av før dei hadde laga 21 songar. På plata er det 14. Og den tjuande oktober var det urpremiere i Storstova på Bryne. Saman med eit stort knippe dyktige musikarar spelte dei heile albumet «Der draumar sviv» for 335 spente jærbuar. Det blei ein stor suksess. Dei fanga publikum frå første til siste note, og stemninga i salen var noko utanom det vanlege. «Eg ønska at det aldri skulle ta slutt», seier Undheim, «det gjekk skambra». Kapellmeister Verbaan er einig. «Me har med oss nokre utrulege musikarar», seier han.

Nokre månadar tidlegare hadde ho skjøna at dei hadde noko spesielt i det nyskrivne materialet. «Niesa mi på ni ville høyra Elsk om igjen og om igjen», seier Undheim, som ikkje hadde forventa at musikken deira også kunne vera barnevennleg. «Barn oppfattar kanskje ikkje bodskapen i teksten, men dei forstår orda og kjenner klangen i Garborg sitt språk», seier ho.

Vel, me elskar Elsk, me òg! Høyr sjølv! Her er songen frå framføringa i Storstova:

 

 

Dei har nytta Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte versjon frå 2006. Reime var sjølv til stades på premieren. «Det var ei magisk oppleving», seier han, «ei ekte og nær framføring».

«Teksten hjelper meg med å vera kreativ», seier Verbaan. «Musikken får ei retning. Det går litt av seg sjølv. Dikta gjev ei positiv avgrensing.» Då han begynte å leika seg med dikta, var han på hytta og hadde berre eit trekkspel tilgjengeleg. Då dei kom heim gjekk han over til piano. «Det at songane er komponerte på piano, gjer at me kan framføra dei åleine, berre me to, eller med fullt band, som på plata og i Storstova.»

Og i Kulturkirken JAKOB i Oslo måndag 4. november, kan me leggja til. Me anbefalar alle som har høve å få det med seg.

Dagen etter urpremieren var Bjørge Verbaan og Jorunn Undheim på Garborgsenteret og dikta eigne tekstar på diktarhjulet.

 

NB! 17.-21. juni 2020 held dei ei rad konsertar kalla «Sommarkveldar i Knudaheio. Les meir her