Grønstøl var i mange år tilsett ved Høgskolen i Stavanger, mellom anna som førsteamanuensis i nordisk litteratur. For ni år sidan sa ho opp jobben på Høgskolen (Universitetet i Stavanger) og flytta arbeidsplassen sin heim til Rennesøy. Ho har gjeve ut mange sakprosabøker, med eit tematisk spenn frå landskapet i heimeregionen Ryfylke til nylesingar av nordisk lyrikk. Den neste boka, som kjem på Aschehoug i oktober, omtalar ho som “ei essayistisk tankeutveksling” mellom henne sjølv og Hulda.
Foredraget [på Garborgsenteret 22.2.12] hadde tittelen Kvinnesaksforkjempar eller antifeminist? Kor viktig har feminisme vore som tema i forskinga di?
“Feminismen er ein gjennomgåande tråd. Eg var så heldig at eg arbeidde ved Universitetet i Bergen den tida kvinnelitteraturforskinga tok av på åttitalet. Eg studerte feministisk teori og gjekk på fine seminar med Toril Moi. Og eg var medforfattar både i Norsk kvinnelitterturhistorie og Nordisk kvindelitteraturhistorie.”
Vil den neste boka di handla om Hulda sin feminisme?
“Eg skriv ikkje bare om kjønn, men òg om syn på religionen, samfunnet og moderniteten. Med tittelen «Kjønna i krise» siktar eg til samtida hennar, med sedskapsdebatt og kjærleiksdebatt, og stor avstand mellom kjønna i arbeidsliv, samfunnsliv og heimeliv. Saman med intellektuelle kvinner ute i Europa – som forfattarane Ellen Key, Laura Marholm og Lou Andreas-Salomé – ville Hulda forma “den nye kvinna”. Dette var ei kvinne heilt annleis enn den underordna konvensjonelle. Ja, annleis òg enn den nye likestilte kvinna. Og annleis enn den kvinna samtida demoniserte som enten hore eller madonna, enten dyrisk og driftsstyrt eller rein og dydig. Den nye kvinna skulle sameina kropp og sjel og utvikla til fulle det dei meinte var det ekte og sant kvinnelege: stor og spesiell kjærleiksevne, og evne til moderleg omsorg. Det var ein modig og offensiv visjon. Det som er feil med denne forskjellsfeminismen, ser me i ettertid, er at dei blanda saman natur og kultur, overkjønna mennesket og ikkje forsto maktforholda i patriarkatet. At uansett korleis ein definerer kvinna, så vil ho enda opp som underordna, når det er menn som har makta og styrer verda.
Me kom til det nesten likestilte samfunnet me har i dag ein annan veg enn Hulda såg for seg. Me kom dit via likskapsfeminismen. Hulda tok feil når ho trudde at likestillinga kom til å viska ut kjønnet. Og kjærleiken, heimen og familien eksisterer som bare det midt i likestillingssamfunnet. Men at seksualiteten blir teknifisert og pornofisert, og at det nesten er flaut å snakka om kjensler, sjel og person i erotiske forhold, er eit kriseteikn. Dette ville ikkje Hulda ha likt.”
Kan du utdjupa dette med “forskjellsfeminisme”?
“Hulda Garborg argumenterer for det me i dag kallar forskjellsfeminisme i bøkene sine. Forskjellsfeminismen er ei kjønnstenking som vil byggja likestillinga på det som ulikt mellom kjønna – likskap gjennom likeverd. Eller “frigjering på kvinners eigne premiss”, som det heitte i ein syttitalsparole. Dette er motsett likskapsfeminismen, som meir poengterer det som er felles og likt. Det er likskapsfeminismen som har dominert den vellukka kampen for likestilling i landet vårt sidan Hulda si tid. Ho og andre forskjellsfeministar, m.a. Sigrid Undset, har vore sett på reaksjonære og antifeministiske.
Men var dei verkeleg det? Eg forsøker å finna ut kva Hulda sin forskjellsfeminismen går ut på, og om me kan læra noko av det i dag. Den gode arven frå henne er omsorgstenkinga, fokus på dei verdiar som kvinnene har forvalta i historia, og verdsettinga av kvinna som menneske.”
Kan me tala om ei Hulda-renessanse no? Og, i så fall, kvifor?
“Der er fint med jubileum. Sidan ho no fyller 150 år, tar me henne fram igjen. Eg trur det er mange som er nysgjerrige på kven ho var. Den store flotte biografien til Arnhild Skre har nok òg gjort sitt til den nye interessa.”
Er det litteraturen hennar eller mennesket Hulda som har fascinert deg mest?
“Eg er fascinert av det fleirsidige ved henne, at ho kombinerte eit sterkt intellekt og stor lærdom med praktiske og huslege omsorgsaktivitetar, og at ho sette ut nasjonsbyggingsteoriane i praktisk handling med resultat som har vist igjen heilt til i dag. Her levde ho som ho lærte, i balanse mellom det åndelege og det materielle, mellom kropp og sjel.
Når eg konsentrerer meg om ideologien i forfattarskapen, meir enn biografien, er det fordi eg trur eg me kan få eit godt bilde av mennesket på den måten, med å finna ut kva ho tenkte og ville, kva normer, verdiar og visjonar ho hadde.”
Du har interessert deg for innhaldssida ved Hulda sine tekstar, men finn du noko interessant ved dei kunstnariske sidene ved forfattarskapen hennar?
“Eg trur litteraturhistoria har oversett og undervurdert dramatikken hennar. Hulda Garborg var ein virtuos og allsidig dramatikar, ho skreiv i alt 13 drama, lystspel og komediar, realistiske drama og versdrama. Ho leverte eit stort tilskot til den norske dramatikken, ikkje minst med nyskapande poetisk drama.
Det er ofte sagt at ho skreiv litteratur av varierande kvalitet, og det er eg einig i. Ho ville så mykje med romanane sine at tendensen og peikefingeren kunne ta over, på kostnad av det kunstnariske. Og litteraturhistoria kanoniserer etter “litterær kvalitet”. Men at det er “stor litteratur” er ikkje det einaste som tel når verdien på bøker skal målast. Skjønnlitteraturen opnar vegen direkte til tanken og medvitet. Bøkene kan fortelja oss korleis menneske til ulike tider og i forskjellige samfunnslag har opplevd livet og samtida, kva dei tenkte og trudde, følte og opplevde, om håp og draumar, mål og livsmeining.
Ved sida av å gi tilgang til det individuelle, gir litteraturen innsyn i historiske prosessar ved å visa samspelet mellom det personlege og større ideologiske og sosiale mønster. Og det er nettopp som på denne måten, som personleg livsdokument og kulturhistorie, at bøkene til Hulda Garborg bør interessera oss i dag.”
Skrive av Ørjan Johansen