Bondestudenten på Garborgsenteret

Martin Søyland frå Frøyland studerer statsvitskap i Oslo. Sommaren 2013 var han vert på Garborgsenteret.

Me huka tak i han like før stengetid. Han sat og sniklas i «Haugtussa» då me plutseleg dukka opp. Han begynte å plystra, sjå opp i taket og lata som han held på med veven. Det viste seg at dei søte, små jentene han nettopp hadde prøvd å læra å veva (men som endte med å læra Martin eit par triks), har sprunge bort til ordklossane – med den følgen at Martin drog pocketboka opp av baklomma.

Me tilgav han. «Bondestudentar» var han jo ferdig med forlengst. Men me lurte på kva som skjedde med veven. «Kvifor har du vald det mønsteret der?» spurde me.

«Åå,» svarte han, og kasta eit lengselsfullt blikk på «Haugtussa»-boka. «Ååå. Eg skulle veva flaget til Colombia, men som de ser var det så mykje som gjensto. Eg måtte fylla opp med fleire striper, og då endte det med at eg gjorde det same om og om igjen.»

Han stirte på veven sin.

«Det vart utruleg mange striper.»

Resultatet vart ikkje gale, trøysta me, men lot vera å spørja om kvifor han var så oppteken av Colombia. Me ville heller vita litt meir om han sjølv. Det viste seg at Martin er bondeson frå Frøyland; opprinneleg utdanna tømrar, men at han hadde omskolert seg på grunn av ein vond rygg, og til hausten skulle han til med masterstudiet i statsvitskap. Han var i det heile ein motsetnadsfylt og underhaldande mann, han Martin. Me lika han. Og han kan skriva òg, det var difor me insisterte på å kalla han ein bondestudent. I vinter var han blirr utfordra av komiteen for Garborgdagar og hadde skrive ein flott og morosam kronikk i Jærbladet – om det å vera bondestudent på Garborg si tid jamført med i dag. I kronikken poengtere han dog skilnadane, snarare enn likskapane, mellom seg sjølv og Garborg:

«Eg kan argumentera med det faktum at Arne Garborg flytta til Christiania i 1873, medan eg flytta til Oslo i 2010. Til og med byen har skifta namn, noko eg kan fortelja ikkje skjer veldig ofte. Dessutan var (…) ein bondeson frå Undheim, medan eg er ein bondeson frå Frøyland. Stor skilnad.»

Forresten, viss du vil – og det vil du jo – kan du lesa heile kronikken hans her.